mandag, mai 23, 2005

Flying start for this blog

All logikk tilseier at denne bloggen måtte bli til akkurat no.

Ei natt med antakeleg middelmådig tilfredsstillande søvn er det einaste som står mellom meg og det som er dømt til å bli ein suksesseksamen.

15 studiepoeng i medievitskap skal roast i land til klokka tre i morgon ettermiddag. Eg kjem til å trenga padlereiskap med åre i begge endar. Seriøst. Eg har aldri nokonsinne vore så dårleg førebudd ni timar før ein eksamen før.
Det har vel i grunn to forklaringar;
- eit urimeleg tal timar brukt på mange forskjellige studentaktivitetar, har resultert i eit like urimeleg tal timar ledige for pensumlesing
- pensum er litt urimeleg det og. Det er jaggu mykje i den medievitskapen ein ikkje treng for å bli journalist. Faderheller.

Kombinert med ei seig forkjøling, gjer alt dette at eg veit det går gale i morgon. Det må det. Velvel - eg har fått gjort mykje anna. Leiligheita er til dømes aldri så rein som i dei periodane eg har mykje å lesa.
Nyklekka blog vart det jammen og.

Blogging har stått for meg som noko for folk som er litt høge på seg sjølv. Det gjorde i alle fall det då eg fann ut kva det var. (Noko som ærleg talt ikkje er så veldig lenge sidan.) Eg har i alle fall skifta syn på saken. Med mindre eg har gått i fella sjølv.

Noko skal ein då vera høg på.

4 Innspel:

Blogger jane meinte at...

Ingenting er som å reise til Volda og bli høy på seg sjøl, vet De.

Vælkømin tel Væven!

20:14  
Blogger Heidi meinte at...

Nei, han får sagt det, han der herr Even Magnet.

Leve Volda.

Leve Jane.

Leve veven.

Leve Even.

20:43  
Blogger Heidi meinte at...

Tihi.

Morosamt å kommentera kommentaren.

20:44  
Blogger Åse Toril meinte at...

Hehe, nei den (korte) eksamenstida er sanneleg ei fin tid,-eg har også skinnande reint rom, i tillegg til 154 nybehandla bilde i Photoshop, to utlesne romanar (den eine attpåtil på fransk) og snart eit ferdig fotoalbum.

22:22  

Legg inn en kommentar

<< Home