mandag, august 21, 2006

Kjære Chess. "Kjære."

Eg fekk eit godt tilbod frå ein av dykkar selgjarar.
Han lurte på kvifor eg hadde forlete Chess for eit snautt år sidan.
Eg sa, som sant var, at eg fekk eit godt tilbod frå Telenor, men at eg hadde tenkt meg tilbake til dykk etter endt bindingstid.

- Flott, sa han, då kan eg leggja flyttinga inn med ein gong.
- OK, men pass på at eg ikkje bryt bindingstida, sa eg.
- Jada, det skulle han.

Men nei så menn.

Sidan det har eg snakka med dykk tre-fire gongar, Telenor har ringt fleire gongar i veka, og no gidd eg ikkje meir.

Eg vil difor med dette avbryta flyttinga av abonnementet til dykk.
Eg heldt meg hjå Telenor til andre gode tilbod skulle dukka opp.
Etter endt bindingstid.

Heidi.

1 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Haha! Herleg.

14:07  

Legg inn en kommentar

<< Home