mandag, juli 17, 2006

The American Dream

...er vel ikkje noko eg ber på sånn til dagen. Men det skal absolutt bli fint å komma tilbake ein tur.

Mine to ferieveker legg eg nemlig dit i år.

Siste august ber det av garde med to kollegaer og to kompisar av han eine. Me skal besøka ein tredje kollega-kompis, som jobbar i Texas-olja. Med 7-seteren hans skal me rekka over Houston - Grand Canyon - Las Vegas - San Francisco - Los Angeles på to veker.

Av alle dei plassane er det berre Houston eg ikkje har sett før, men det er heilt i orden. Det er uansett annleis å oppleva Las Vegas med eit-par-og-tjue 19-åringar frå folkehøgskulen, enn med seks mannfolk som alle har passert dei 30.

3 Innspel:

Blogger Geir meinte at...

Bare litt misunnelig. Litt altså. Ikke mye.

21:45  
Blogger Heidi meinte at...

Ja, det syns eg du burde vera.

08:09  
Anonymous Anonym meinte at...

USA e vel ikkje det samme når du ikkje del seng me mæ? ;) Hils kjente om du ser nån, og kos dæ masse! Miss you.

00:46  

Legg inn en kommentar

<< Home