lørdag, juni 17, 2006

Hotell i særklasse

Me har starta NRK Sogn og Fjordane sin sommarturne. I løpet av sommaren skal me besøka så mange som mogleg av dei 25 kommunane her i fylket. Eg og min gode kollega Camilla starta moroa i Stryn denne veka.

For ein kommune! Nordfjordingane er forfriskande sporty og opne – av om lag 15 potensielle intervjuobjekt vart me berre avvist ein einaste gong. Det er verkeleg ein solid statistikk.

Kanskje heng denne openheita saman med at dei forstår media. Stryningane er innovative. Dei finn på ting. Finn opp ting. Og treng difor publisitet rundt prosjekta sine.

Tysdag kveld hadde me intervjuavtalar heilt fram til i 22-tida om kvelden. Den nest siste var med suksessbedrifta Moods of Norway. Då kom dei rett frå Dubai. Etter intervjuet fortalde me at den siste avtalen for kvelden var hoggormguiding. (Det innslaget kan du høyra 6.15 og 8.45 i morgonsendinga mandag 19.06. Den kjem på nettet.) Svenske Moods-Stefan syns det var ein kjempeidé, og ville gjerne slenga seg på. Han kjende hoggorm-fyren, og kunne godt køyra oss dit i den berømte Moods of Norway-limosinen. Han måtte berre ta på seg sitt sist innkjøpte antrekk.

Ti minutt seinare fann eg meg sjølv bakerst i ein rosa limosine, med ein svensk sjeik bak rattet. På veg til hoggormguiding. Herleg.

Det som derimot ikkje var så sjarmerande, var hotellet me hamna på. Eit toalett som setet holdt på å ramla av, ein nedslitt og stygg lenestol – og ingen sjampo på badet. Det var rommet vårt.

Camilla spurde om dei hadde gløymd sjampoen.
Nei, det hadde dei ikkje, men me kunne godt få sidan me spurde.
Forklaringa var nemleg den at dei ikkje pleier å leggja ut sjampo om sommaren, for turistane tek den berre med seg.

Eg ristar litt meir på hovudet for kvar gong eg tenkjer på den der.

Ei hotellhistorie til:
Første kvelden hadde me lyst på hotellmat, men 250,- syns me var i meste laget. Camilla tok affære igjen, og spurde om me ikkje fekk billigare mat sidan me budde der.
– Nei, sa den første resepsjonsdama.
– Nei, sa den andre resepsjonsdama.
Så me enda opp i ein kafeteria, der eg for første gong i mitt liv såg meg nøydd til å klaga på maten. Laksen var ikkje gjennomsteikt.

Då me kom tilbake på hotellet, såg me på eit oppslag at Camilla hadde hatt rett heile tida – fullprisgjestar skulle berre betala 100,- for maten.
– Det var jo litt dumt, sa den tredje resepsjonsdama.
- Men jaja, då veit de det jo i alle fall til i morgon.

Eg skal ikkje avsløra kva dette ubrukelege hotellet heiter, men det ligg i Stryn og har eit logisk namn.

1 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Haha. Fantastisk! Servicen høyrast upåklageleg ut!

11:46  

Legg inn en kommentar

<< Home