tirsdag, april 25, 2006

Det berre skjer

Eg elskar å lesa.

Og eg les fort og.
På ein inspirert dag les eg gjerne 200 sider. Da Vinci-koden tok meg to dagar og to netter, med unntak for dei timane eg måtte sova og arbeida.

Likevel gjer eg det ikkje.

Slik er det med sokkestrikking, bollebaking og det flotte Paris-puslespelet mitt i 1000 bitar og.

Det er gøy, meiningsfullt og nyttig.
Men det blir med tanken.

I staden vert ettermiddagen ei lang rekke ingenting.

SMS
NRK1
MSN
TV2
MMS
MSN
NRK2
Blink, blogg og internett.

Livet er vatn i ein tesil.

2 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Las nettopp ferdig Da Vinci-koden eg òg!
las alle 600 sidene på ei veke og da kun ved leggetid og på t-banen + t-baneventing...

Skal straks begynne på "Engler og demoner"! :)

12:15  
Blogger Heidi meinte at...

Ja, det er noko med den Dan Brown.

Engler og demoner er nett like bra som Da Vinci-koden.

Eg er straks klar for den siste boka hans.

Finfin underhaldning!

12:21  

Legg inn en kommentar

<< Home