mandag, februar 20, 2006

Mobilen vibrerar og pip

Ah. Det er det 35-nummeret igjen.

Eg har mannen som melde Telenor til politiet for telefonterror friskt i minne. Det er sikkert sjette gongen dette firmaet ringer meg på berre nokre veker, så denne gongen er eg kjapp.

- Hallo, det er Heidi.
- Hallo?
- Hallo.
- Åja, hei. Det-er-Line-som-ringer-fra-ettellerannetmasefirma-bare-så-du-vet-det-så-er-dette-IKKE-telefonsalg.
- Neivel.
- Hehe. Har du hørt om rosenrot? Du kan få det gratis i TO uker! Det er et slikt...
- Kæ?
- Rosenrot.
- Nei.
- Det er et slikt...
- Er det derfor de har drive og ringt meg i det siste?
- Hæ?
- Jobbar de etter ein slik metode at de ringer ti og ti, og så får berre den kjappaste nokon på tråden?
- Hæ?
- Driv de slik telemarketing at...

Klikk.
Borte.

Eg rakk ikkje ein gong å be ho fjerna meg frå lista.

I mi galluptid hugsar eg at eg pleide å straffa sure folk med å legga dei i Kategori 4 - Ikke Kompetent.

Håpar eg hamna der.

2 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

De ringte meg også. Jeg ville heller ikke ha gratis Rosenrot.

18:33  
Blogger Heidi meinte at...

...men du svarte kanskje høflegare enn meg og fekk avslutta samtalen på ein fornuftig måte?

Har dei ringt deg og mange gongar?

23:40  

Legg inn en kommentar

<< Home