fredag, februar 03, 2006

Muslimen og meg

Heidi sier:
Eg er einig - desse karikaturane skulle aldri ha vore på trykk.
Heidi sier:
Pressefridom er ekstremt viktig.
Heidi sier:
Men det er respekta for andre kulturar og religionar og.

Muslimen sier:
Godt å høre.

Heidi sier:
Eg veit religionen din er veldig viktig for deg.

Muslimen sier:
Ja, det er den.
Muslimen sier:
Men jeg tror likevel på trykkefriheten.

Heidi sier:
Korleis reagerer ein smart, sivilisert og europeisert muslim som deg på dei reaksjonane me har sett i Palestina og Indonesia dei siste dagane?

Muslimen sier:
Vel. Min reaksjon er at jeg støtter enhver demokratisk reaksjon mot avisene som trykte disse tegningene.

Heidi sier:
Er flaggbrenning ok?

Muslimen sier:
Nei.
Muslimen sier:
Jeg sa demokratiske.

Heidi sier:
OK.
Heidi sier:
Eg prøver berre å definera grensa.

Muslimen sier:
La meg si det slik; det muslimske samfunn venter ikke en radikal bevegelse fra den norske og danske statsministeren, som for eksempel å legge ned disse avisene. Det de ønsker, er en uforbeholden unnskyldning, der man ikke nevner trykkefriheten. Frihet betyr ingenting for muslimer når det gjelder religion. Og jeg forsikrer deg - de ville ha reagert på den samme måten om det gjaldt Jesus.

Heidi sier:
Muslimane ville gjort det?

Muslimen sier:
Definitivt. Vi tror på Jesus også.

Heidi sier:
...men han er berre ein av mange profetar hjå dykk?

Muslimen sier:
Vi tror på hver profet som har blitt sendt. 28 stykker er nevnt i den hellige Koranen. Det inkluderer Jesus.

Heidi sier:
Og de ville ha reagert på same måten viss desse bileta var av Jesus, som er den mest heilage personen i Kristendommen?

Muslimen sier:
Absolutt.

Heidi sier:
Det verkar ulogisk.

Muslimen sier:
Det er logisk for meg.

Heidi sier:
"Frihet betyr ingenting for muslimer når det gjelder religion", skriv du.
Heidi sier:
Det er forskjellen. Religion kjem etter fridom her.

Muslimen sier:
Ingen kan ydmyke en religion eller profet under ytringsfrihetsparaply. Det er mitt poeng.

Heidi sier:
Eg veit det. Men der ligg det ein kulturell skilnad. Ein stor ein.
Heidi sier:
Det fins mange audmjukande bilete av Jesus. Ingen reagerer på dei.

Muslimen sier:
It is a shame.

Heidi sier:
It is a different mentality.

13 Innspel:

Blogger Thomas meinte at...

Genialt.

13:15  
Blogger Yngvason meinte at...

Det er barnsleg å trykke profetkarikaturar viss målet er å provosere. Det er barnsleg å brenne flagg òg, men vi (og dei) må tåle begge delane.

Å true skandinavar og krevje orsaking frå statsoverhovud på grunn av eit enkeltmediums blasfemi er derimot IDIOTISK.

15:44  
Blogger Heidi meinte at...

Me har ytringsfridom, ikkje ytringsplikt.

Det er litt vesentleg.

Den dagen eg må velja mellom ytringsfridom og andre sine religiøse kjensler, tar eg sjølvsagt det første.

Men eg kan ikkje sjå at eit slikt val har vore tilfelle her.

Dessutan meiner eg det strir mot god presseskikk.
Vær Varsom-plakaten, punkt 4.3:
"Pressen skal vise respekt for menneskers egenart og identitet, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn."

Normal folkeskikk kunne vel vore eit siste moment å nevna.

18:21  
Blogger Heidi meinte at...

Men -ja, Olav.

Dette er idioti.

Og det er dette og.

18:26  
Blogger Yngvason meinte at...

Eg tykkjer det er jævli useriøst å samanlikne karikaturteikningar av Muhammed med brenning og øydelegging av norske og danske ambassadar.

Meininga mi er sjølvsagt farga av kulturbakgrunnen min. Men er det nødvendig å oppføre seg som ein idiot berre fordi ein er religiøs, i dette tilfellet muslim? Magazinet og Jyllands-posten provoserer, men syrarane (som brenner ambassadar) oppfører seg som barn.

18:56  
Blogger Heidi meinte at...

Det er vel strengt tatt eit minst like useriøst spørsmål.

Dumskapen starta her og tar heilt av der ute.

Det var ikkje verken smart eller nødvendig å trykka teikningane.

Men å brenna ambassadar er sjølvsagt av ein heilt annan dimensjon. I tillegg til å vera usmart, er det ulovleg, usakleg og umoralsk.

Kva er me eigentleg ueinige om?

20:12  
Blogger Yngvason meinte at...

Vi er sikkert samde. Eg berre tykte du sidestilte syndarane på båe sider litt for mykje.

20:36  
Blogger Heidi meinte at...

Idiotane på den vestlege sida skal unnskylda seg for å ha såra idiotane på den andre sida. I tillegg til resten av muslim-milliarden.

Styresmaktene skal sjølvsagt ikkje ta ansvar for kva avisene skriv, men dei skal gjera det klinkande klart kva som er nasjonal politikk.

Der har danskane noko å læra av vår særs dyktige utanriksminister, som har send denne beskjeden til alle sine ambassadar:

«Jeg beklager at trykkingen av karikaturtegningene av Profeten Mohammad i det norske bladet Magazinet har skapt uro i muslimske miljøer.

Jeg har stor forståelse for at disse oppleves som støtende for muslimer verden over. Islam utgjør en åndelig forankring for en stor del av verdens befolkning. Deres tro har krav på vår respekt.

Karikaturtegningene i det kristne bladet Magazinet er ikke konstruktive for å bygge den nødvendige bro mellom mennesker med ulik religiøs tro og etnisk bakgrunn. De bidrar snarere til å skape mistillit og unødig konflikt.

La meg gjøre det helt klart at den norske regjering fordømmer enhver handling eller uttalelse som uttrykker forakt for mennesker på bakgrunn av deres religion eller etnisitet.

Norge har alltid sluttet opp om FNs arbeid mot religiøs intoleranse og rasisme, og finner dette arbeidet svært viktig for å forebygge mistillit og konflikter mellom mennesker. Toleranse, gjensidig respekt og dialog er grunnverdier i det norske samfunn så vel som i vår utenrikspolitikk.

Ytringsfriheten er en bærebjelke i det norske samfunn. Dette innebærer toleranse også for meninger som ikke alle kan slutte seg til. Samtidig setter vår lovgivning og internasjonale forpliktelser grenser mot hets eller hatefulle ytringer.»

21:48  
Anonymous Anonym meinte at...

Dette handler ikke lenger om _ytringsfrihet_...

09:29  
Blogger Åge Andre Breivik meinte at...

ei unnskylding er nok ikkje det desse folka er ute etter. å få stoppa dette kjem til å krevje mykje meir.

12:29  
Blogger Heidi meinte at...

Dessverre har de nok rett begge to.

No tar det heilt av der ute.

No er det ikkje lenger nokon som kan kontrollera situasjonen.

Og så fins det jo dei som nyt dette.

Så jævlig.

Jyllandsposten sin anger burde ha vore framført på Al-Jazeera før fellesbøna før helga.

13:16  
Blogger Yngvason meinte at...

Styresmaktene "skal gjera det klinkande klart kva som er nasjonal politikk"?

Politikarane må gjerne presisere at det er enkeltmedium og ikkje staten som står bak karikaturane. Det norske utanriksdepartementet er flinke, og beklagar "at trykkingen av karikaturtegningene av Profeten Mohammad i det norske bladet Magazinet har skapt uro i muslimske miljøer".

Det UD beklagar er heldigvis berre at teikningane skapar uro, ikkje at dei er trykte. I Norge og Danmark er karikaturteikningar ein naturleg del av den politiske debatten, og så lenge menneske drep andre menneske med Koranen eller Bibelen i handa, er det lov å peike på dette.

Sjå forøvrig kommentarspalta i Thomas M.-bloggen for betre formulerte innvendingar enn det eg får til.

17:08  
Blogger Heidi meinte at...

Ja, eg syns UD gjer ein veldig god jobb her.

Det var ikkje dei som sette teikningane på trykk, og det ansvaret tek dei heller ikkje.

Men dei gjer klar beskjed.

Omtrent som då dei gjekk ut og tok avstand til Kristin Halvorsen sitt boikottframstøt. Det var ikkje den nasjonale politikken, og det sa dei klart frå om.

17:20  

Legg inn en kommentar

<< Home