tirsdag, januar 10, 2006

Eg lever så lenge eg lærer

Eg kunne ha skrive mykje om læringspsykologi. Det var min favorittdel i eit generelt interessant grunnfag i pedagogikk.

Men det får verta ein annan vals.

Eg kjenner læringskurva går rett til himmels om dagen. Radiostudiet i Volda er utan tvil ein god førskule for NRK, men det fins framleis ein del å setja seg inn i; arbeidsverktøyet er nytt, rutinene er nye, kollegaene er nye og for min del er også fylket nytt.

Eg grip etter informasjonen som flaumer rundt meg i beste blekksprutstil, og forstår stadig betre kvifor det fins eit Flink Pike-syndrom. Eg var på lufta for første gong i dag, først med ein aktualitetsreportasje i morgonsendinga, og så med fem nyheitsbulletinar utover ettermiddagen. Lesinga går rett bra, så no er neste skritt å kunne ta ansvaret for teknikken samstundes.


Rom var ikkje bygd på ein dag.
Det får vera dagens dose læringspsykologi.

2 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Navigerte meg fram til deg på nettradioen nå -- så fliiiink!!! Stolt!!

Og så sa du "fylkesbåtane", hahahah!! :D

23:17  
Blogger Heidi meinte at...

Takk! :)

Nei, eg sa Fylkesnytt, men det er jo fort gjort å ta feil.

Det er tydelegvis mange heime i mitt vesle bygdesamfunn som har peila seg inn på NRK Sogn og Fjordane og no.

Moro det her. Gler meg til å klara sjølvkøyr. Tar det til veka, tenker eg.

00:26  

Legg inn en kommentar

<< Home