mandag, desember 19, 2005

For dum for fordommar

  • Eg er europear.

Amerikanarar ser ned på meg fordi eg er vrang å ha med å gjera.

  • Eg er skandinav.

Sydeuropearar ser ned på meg fordi eg er kald, uvenleg og asosial.

  • Eg er norsk.

Danskar ser ned på meg fordi eg er ein oljebortskjemt fjellape.

  • Eg er vestlending.

Austlendingar ser ned på meg fordi eg er provinsiell og snakkar feil.

  • Eg er stril.

Bergensarar ser ned på meg fordi eg brukar nynorsk.

---

Eg har altfor god sjølvtillit.

3 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Sant det! Du har altfor god sjølvtillit! :-)

01:16  
Blogger Åge Andre Breivik meinte at...

skulle vel berre mangle? ;)

05:25  
Blogger Heidi meinte at...

:)

22:28  

Legg inn en kommentar

<< Home