torsdag, desember 01, 2005

Volda påfører meg rastløyse

Det er vel eigentleg ikkje heilt sant.
Rastløysa mi kjem innanfrå.

Det ligg noko i lufta på hybelen min om dagen.
Samstundes som eg kvir meg til å flytta herfrå om berre to veker, kan eg ikkje venta med å komma meg av garde.

Eg flyttar frå eit av Norges aller beste studentmiljø til den vesle vestlandsbyen Førde, der eg kjenner ca ingen. Eg klagar ikkje, eg ombestemmer meg ikkje - eg angrar ikkje på nokon måte. Men skummelt vert det. Einsemd er det verste som kan skje meg.

Men det er jo nettopp dette me alle traktar etter. Det er jobbar som denne me går her for å få. Eg har vel berre kasta ut i det litt før eg, i mitt nærast autistisk planleggjande hovud, hadde sett for meg.

Nei, for all del, jobben vert kjempespanande. Eg skal vera nyheitsjournalist dei første vekene, før eg skal byrja som nyheitsopplesar. Eg kjem til å få ein heilt ubetaleleg mengde verdfull trening i studio. Det kjem til å komma godt med når eg med tid og stunder skal ta over som Her og Nå-programleiar etter Kari Sørbø.
Jobben vert knallbra den, ingen tvil om det.

Håpar berre eg finn nokon å tilbringa kveldar med, sånn at eg ikkje vert konstant stundeslaus. I følge nye-sjefen min er det mange unge og familielause nrkarar der som heilt sikkert vil finna på ting utanom jobben, men enn så lenge tillet eg meg å verna meg sjølv i eit pessimismens slør.