søndag, november 20, 2005

Helsikes lureri

Det er under to døgn til eg må levera semesteroppgåva. Eg har overhodet ikkje tid til blogging. Men eg gjer det likevel.

Eg har blitt lurt.
Eg er forbanna.

Midt i ein lang og slitsom oppgåveperiode er det veldig hyggeleg å få e-post, særskild når den kjem frå ei eg ikkje kjenner spesielt godt, men som eg har sett som veldig triveleg. Det er ein link til ein sånn kjærleikslivstest. Hm. Spanande.

Your first crush?
Åja, enkelt, det var Åsmund, som eg var saman med i tre dagar på konfirmantleir i åttande.
You biggest crush?
Oj. Det er litt verre. Eg er ikkje heilt sikker, og bittelitt skeptisk, så eg skriv berre "Andre".

Heldigvis.

Etter å ha fått spørsmål om eg ser porno, om eg vert tiltrukke av eige kjønn, kva som tenner meg, kva eg tenker på under sex og kor mange gongar i veka eg masturberer, får eg vita at alle svara mine har vorte send til ho som sende meg linken til teksten.

You've been fooled.

Kjempegreier.

Problemet med slikt er at den som vert sint og ikkje likte spøken, ikkje har humor og er eit kjedeleg menneske. Det drit eg i. Det der var ikkje morsomt. Den går langt over dei fleste menneske si intimgrense.

Heldigvis utleverte eg meg sjølv minimalt.
Men om eg så hadde vore ei skaplesbe som tente på bondage og onanerte dagleg, så ville det framleis vore mi sak, og mi åleine.

5 Innspel:

Blogger Geir meinte at...

Uff... Hissig Hefa :)

Neida, men jeg er helt enig. Fikk den samme eposten for en god tid siden. Heldigvis lukta jeg lunta.

Veit om mange som har gått på en stygg en der. Den er over kanten morsom.

01:16  
Blogger Heidi meinte at...

Ja. Hissig.

Den var langt over grensa.
Eg lukta dessverre ikkje lunta like tydeleg som du gjorde, men heldigvis ante eg ei viss svilukt.
Eg skreiv faktisk eit namn, der eg seinare endra til Andre.

Krev ikkje mykje fantasi for å forstå kor fullstendig ein kan gå på ræv på sånt der.

Men det har eg lurt litt på i ettertid - kva interesse har ei jente eg kjenner sånn halvvegs av å kjenna mine seksualvanar?
Ho er ikkje lesbisk, berre for å ha det på det reine.

19:02  
Blogger Geir meinte at...

Har vel en mistanke om du har gjort noen sprell mot henne som det var på tide å hevne.

Sprellemannen

23:20  
Blogger Geir meinte at...

Innså akkurat at den siste kommentaren min var ufattelig dårlig.

Tar den tilbake.

God tur :)

23:20  
Blogger Heidi meinte at...

Godt du veit naar du bommar. Eg har gjort nada.

Amsterdam er kjempespanande! :)

21:58  

Legg inn en kommentar

<< Home