fredag, november 18, 2005

Eg, meg sjølv og Heidi

Det er stille her inne om dagen.

Det er nok berre å beklaga, men eg har verken tid eller kreativitet til overs for tida. I kveld brakar det laus med Studentradioenstudenthuset. Me legg opp til ei sendeflate mange produsentar ville kvidd seg til, men eg trur det vert kanon både -bra og -gøy.
Ellers nyttar eg tida til å dra i land semesteroppgåva, som skal leverast på tirsdag. Eg var skikkeleg lei ei stund, men no har eg sett lyset. Eg måtte intervjua mitt journalistiske førebilete Kari Sørbø til oppgåva i dag, og då innsåg eg at semesteroppgåve ikkje er så ille.

Velvel.
Kari Sørbø sin lojalitet ligg hjå lyttarane hennar.
Min ligg dessverre ikkje hjå lesarane mine akkurat om dagen.
Lovar å komma sterkare tilbake.
Enn så lenge kan du kosa deg med denne.

6 Innspel:

Blogger Åse Toril meinte at...

Kari Sørbø er rå! Var på skrivekurs/journalistkurs i Trondheim der ho var ein av innleiarane. Alle som ikkje høyrer "Her og nå", bør begynne å høyre det på grunn av henne.

12:25  
Blogger torerling meinte at...

Hva er det som er så rått med henne da? Og hvorfor er hun et journalistisk forbilde?

Jeg stiller spørsmål for det gleder meg at det er nettopp henne dere trekker fram.

16:19  
Blogger Heidi meinte at...

Kari Sørbø er sånn som eg håpar å bli. Rett og slett.

Utdrag frå intervjuet:

- Kva legg du vekt på for å vera ein god Her og Nå-programleiar?

- Å snakke TIL lyttaren, forståeleg og med respekt og tillit. Ønskjer å framstå truverdig, ikkje arrogant - men av og til LITT frekk og usakleg der det høver seg. Stille dei spørsmåla lyttaren vil ha svar på.

07:34  
Blogger torerling meinte at...

Hehe. Ok. Det er ikke så vanskelig. Du må bare forberede deg og stille åpne og gode spørsmål. Og være strategisk i valg av hva du sier. Hun er ikke fasiten, men er bedre enn de fleste.

10:21  
Blogger Øyvind Bye Skille meinte at...

Vil bare gratulere deg og alle andre i studentradioen med flott avvikla sending og show på studenthuset Rokken. Det var et spennende eksperiment som ble vellykket. Kan gjerne gjentas en gang i framtida.

12:28  
Blogger Heidi meinte at...

Takk for det.

Ja, det vart veldig bra. Når mange flinke folk spanderar mykje tid og energi på noko, vert det jo gjerne nettopp det. :)

Til og med superkritiske journalistikkhøvding Sverre var nøgd:
-Heidi? Dokke skal ha ekstrem ros for ei veldig bra gjennomført sending.

18:52  

Legg inn en kommentar

<< Home