mandag, november 07, 2005

Feberframkallande superatlas

I dag fekk eg Orions store verdensatlas i posten.
Det kriblar i passet og eg kjenner at reisefeberen slår ut i heile kroppen.

No er det jo ikkje slik å forstå at det er synd i meg, slett ikkje. Eg har det veldig bra i Volda, men det er vel ikkje til å gøyma under ein sofa at fjella gir meg litt klaus i blant.

Dei neste to vekene har eg tre store ting på tapetet:
- Arrangera Medieball
- Få til ei langsending med Studentradioen frå studenthuset Rokken
- Skriva 30 sider semesteroppgåve om konseptet Demostasjon

23.november reiser eg til Amsterdam saman med Volda-studentane Jane, Jørgen, Hilma og Reidar, og medievitarane Egil og Lars for å presentera prosjektet vårt.

6. desember skal eg til Praha med bestevenninne-sidan-barnehagen Eli for julehandel og storbyferie.

16. desember reiser eg rett frå eksamen og hybelutflytting til København for kurs for norske journalistarærverdige Schæffergården.

Er det forresten ulovleg å linka til andre sine bilete?

4 Innspel:

Blogger Camilla meinte at...

bra timeplan du har;)

Trur det er lov å lage link så lenge du for lov med den du linkar til;)

15:45  
Blogger Heidi meinte at...

Det er jo litt av greia då.
Ein spør ikkje om ein kan linka til deira sider.

Men er det uetisk å bruka store mengder biletlinkar?

17:22  
Anonymous Anonym meinte at...

Det kan no ikkje væra ulovleg å linka til bilder på weben... Så lenge ein ikkje kopierar dei, eller påstår at det er eins egne...

17:38  
Blogger Åse Toril meinte at...

Hehe, ikkje uetisk, vi vel jo sjølv om vi vil gå inn på dei.

Og nyskjerrige journalistspirer gjer det. Takk for at du distraherte meg eit lite kvarter av semesteroppgåve-tida mi til å prøve *alle* linkane =)

09:33  

Legg inn en kommentar

<< Home