onsdag, september 07, 2005

Nytt av dagen: Programpleiar

- Minimumsjournalistikk, sa han, og strauk seg nøgd over magen.

Eg vil ikkje vera dårlegare, og lanserer herved ordet 'programpleiar'.

På radiolinja i Volda lærer me program-leiing, men på forskingsprosjektet Demostasjon har eg i dag drive med program-pleiing.

Demostasjon er ein webradio som eg og fire andre Volda-studentar lagar, slik at forskar og postdoktor Lars Nyre kan få realisert draumen sin:

- Radio kunne fungert terapeutisk i folks liv. Vi kunne for eksempel tenke oss daglige radioprogram for gravide, der folk ringte inn om konkrete forhold rundt svangerskap. Eller liknende program for eldre, som kunne ringe inn og snakke sammen om helseplager. Fikk radioen en slik nisjerolle, ville det vært uendelig mer verdt enn å høre «Hotel California» for ørtende gang. BT, 31.05.03


I korte trekk kan Demostasjon forklarast som ein snakkeradio. Den skal skilla seg frå tradisjonell radio ved å vera demokratisk, og kommunikasjonen skal vera tovegs (og gjerne også multivegs). I vanleg radio vert folk avbrutt etter eit halvt minutt, og journalistane klipper utsegnene som dei vil. Demostasjon-konseptet skal vera ein alternativ kanal for offentleg debatt, der folk får fullføra heile resonnement.

Og det er her det nye ordet mitt kjem inn.

Programleiaren skal vera så usynleg som mogleg i dette formatet. Det er innringjaren som skal styra samtalen, som best det let seg gjera.

Då me laga Demostasjon i vår, fekk Jane og Reidar alle programpleiarjobbane, medan eg var meir tradisjonell programleiar i saklege debattar. I den pågåande Demostasjon 2, skal me snakka om valet på ein kvardagsleg måte, og alle skal difor vera programpleiarar.

Lyst på litt varme og omsorg over verdsveven?
Ta kontakt, og bli med på ei sending ein av dei fire neste dagane.

Let's plei!

4 Innspel:

Blogger Åge Andre Breivik meinte at...

Så mi rolle var ikkje som programpleiar? Takk.. Det gjorde godt..
Inst i sjela.

23:59  
Blogger Heidi meinte at...

Eg hugsar deg berre i rolla som moderator, men ja, du var jo i studio og. Det er synd du ikkje er med no, me kunne trengt ei mjuk røst med harde r'ar.

00:38  
Anonymous Anonym meinte at...

Det er eit godt ord du har laga Heidi. Eg håpar eg kan få lov å bruka det av og til?

16:32  
Blogger Heidi meinte at...

Klart du kan, Lars!
Du er jo sjefspleiaren.

17:00  

Legg inn en kommentar

<< Home