mandag, august 29, 2005

Hagen-arbeid

Frp-høvding Carl I. Hagen tok balletak på valkampen i år.

Ved å forkynna at støtte til ei borgarleg regjering leia av Kjell Magne Bondevik er uaktuelt, tok nok valkampen ein annan retning enn mange venta.
Brått ser det svart ut for ei blå regjering, og ikkje ein gong Frp sjølve forstår kvifor Hagen gir dei raude ei slik gåvepakke. Både Bladet Tromsø, Fedrelandsvennen og fleire andre aviser er sikre på at dette var siste spikaren i kista for Bondevik.

I dag hadde me førelesing med politisk redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås. Som så mange andre, meiner også han at Hagen-utspelet banar veg for eit raud-grønt alternativ.

Eg trur ikkje det kan vera så lett. Hagen er altfor rutinert til det. Kanskje ser han dette som ein sjanse til sjølv å få sitja på statsministerkontoret, kanskje vil han hjelpa Erna Solberg opp og fram - eller kanskje er han vorten skikkeleg glad i Dagfinn Høybråten. Det er jo stundom slik at ein ikkje heilt forstår kva Hagen planlegg før han har fått det til, og dei av oss med skjegg kan plassera det i postkassa.

Mot slutten av førelesinga, sa Kjølås noko veldig interessant:
Frp-veljarar held seg jamt over dårlegast orientert om politikk og samfunn. Dei einaste som bryr seg mindre, er sofaveljarane. Difor vert det ofte slik at Frp samlar mange stemmer heilt i valkampinnspurten, når Sofapartiet lek veljarar til fordel for Framsteget.

Eg trur Hagen tek ein Martyr.

Eg trur han gjer ei dramatisk vending like før valdagen, slik at han får engasjert heimesitjarane i tolvte time og på den måten sikrar Frp eit godt val. Til dømes kan han finna på å gå av. Då oppnår han både høgt stemmetal for partiet sitt og framleis borgarleg regjering. (Siv Jensen har rett nok uttalt seg negativt om Bondevik, men ikkje på langt nær så mykje at ho ikkje kan gå tilbake på det.)
Ei tredje effekt, ville vera at Hagen får noko i retning av martyrstatus sjølv. Det gjeld jo å gi seg medan ein er på topp.