torsdag, august 11, 2005

Min bror Thor-Bjørnen

Han klarte det!

Thor-Bjørnar (19) er i dag ein av dei 200-og-noko som har fått tilbod om plass på befalskulen. Her heime har me gått rundt med stolte glis sidan klokka halv ni i dag tidleg. At det var godt over 1000 søkjarar i utgangspunktet gjer ikkje gleda mindre.
No gjenstår det berre å sjå om han kjem seg gjennom dei fire åra, som til slutt skal gi han fagbrev i tunge køyretøy, generell studiekompetanse og eit år høgare utdanning i leiing og slikt noko.

Stå på, min bror Thor, min bror Thor-Bjørnen.

2 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Jau, du må ynskje han Thor-Bjørnar lykke te me befalskula...

16:50  
Blogger Heidi meinte at...

Kven skal eg helsa frå?

18:32  

Legg inn en kommentar

<< Home