torsdag, juli 28, 2005

Reisefeber

La meg sei nokre ord om det å reisa.



Eg er eit typisk reisande menneske. Eg elskar å vera på nye stader, og å møta menneske eg ikkje ser elles i kvardagen. Problemet er at eg elskar å reisa til, men eg kan ikkje fordra å reisa frå. Og det gjeld alltid. Difor er bortimot alle flyreiser triste i starten og glade mot slutten. Er ikkje det litt bortkasta tid?

Eg begynte å tenka på dette i sta. Det er framleis over to veker til eg skal oppatt til Volda, men eg måtte nett sjekka når bussen min går. (Eg er også eit typisk planleggande menneske.) Den turen kjem til å bli akkurat sånn. Fram til første ferje kjem eg til å få tårer i augene ved tanken på å reisa frå lillesøster og alle her. Men når det nærmar seg siste ferje og Volda er innan augevidde, kan eg ikkje komma av bussen fort nok.

Nokon som har nokre gode triks for å verta kvitt slik meiningslaus reisesjuke?

1 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Er ikkje det flott då?
Det høres jo veldig fint ut... savne det ein reiser i frå, men etter kvart som ein nermar seg målet, så begynner ein å gle seg:-)

00:02  

Legg inn en kommentar

<< Home