tirsdag, august 09, 2005

Heldiggrisen Andreas

Onkel Geir er gift med Anette. Det gjer ho per definisjon til tanta mi, men eg har litt trøbbel med å titulera ein 30-åring slik.

Eg var nede på besøk hjå dei ein tur i dag fordi eg hadde ein trampolineavtale med sonen deira Andreas (snart 6). Han var då gått i ballbingen med Geir, så eg vart sitjande med Anette.
Etter ei stund kom far og son tilbake, svette og slitne.
Det er då femåringen slår til.
- Mamma, sjå kor våt eg er i håret. Eg svettar som ein heldiggris!














Snart skulegut og allereie ståoppkomisk.


Ok, ei historie til.
Me hadde nokre kyr og ein okse på bøen nedfor her. Ein dag gjekk oksen opp på ei ku, slik oksar stundom gjer.
Ein storøyd Andreas vart veldig ivrig:
-Å stilig! Han steilar!