mandag, august 15, 2005

Siste nytt: Snobb

Eg fekk det frå ein av mine eigne. Snobb. Han berre sa det. Snobb. Liksom henslengt, men det venstre augnebrynet var på vakt. Nesten umerkeleg, men likevel.

Eg såg ned på oppvaskebørsten. Jaha. Snobb. Eg måtte påpeika ironien i det heile, klarte ikkje å la det vera. Typisk snobbeaktivitet å ta oppvasken, sa eg, og kasta ballen tilbake.

Han lo. Han gjer stundom det.
Han lurte på om ikkje slike som meg vert litt snobbete. Eg lurte på kven slike som meg er. Eg høyrer heime i mange båsar eg, men no var det altså den yrkesmessige.

Jaudå, media er nok slett ikkje snobbfri sone. Enkelte kjem jo til media fordi dei er snobbar. Kultursnobbar og slikt noko. Likevel er nok dei snodige originalane framleis i fleirtal rundt i norske redaksjonar.

Eg tek meg i å undra på om det fins nyheitssnobbar, eller om eg vert den første.

1 Innspel:

Blogger Thomas meinte at...

Jøss - ikke verst at unge herr Marthinsen har dukket opp "på nett"! Til alt overmål er også navnet snubla sammen korrekt!

Hilsen hybelsnobben T.

23:17  

Legg inn en kommentar

<< Home