Når mitt skal bli ditt
Denne dagen og resten av veka er dei gamle studentane sin sjanse til verkeleg å gi noko tilbake til Volda. Gjennom fadderordninga skal me hjelpa dei nytilflytta til rette og få dei inn i miljøet.
No er det gått eit år sidan eg kom hit, men eg hugsar det som om det var i går. Den jobben fadderane gjorde var verkeleg verdfull. Det tok oss ein dag, så hadde me opptil fleire fjes å smila til. To dagar til, så hadde til og med eit par av dei fått eit namn.
Eg er takknemleg for å få lov til å spandera denne veka på dei nye. Det er flott å kunna dela ut drops frå Volda-godteposen, når ein veit kor utruleg godt dei smakar.
--
Eg er forresten blitt "hu studentradiodama" i løpet av dagen.
Kjempegreier! :-D

4 Innspel:
Og du passer selvsagt på å fremheve bloggens fortreffelighet langs din vei...?
Viss det er min eigen blogg sin fortreffelegheit du meiner, så har eg ikkje nevnt den for nokon, nei. Viss du tenkte på fenomenet blogg, så har eg heller ikkje diskutert det med fadderborna. Ikkje enno.
Fekk du filene mine om studentradioen skal tru?
Gjorde nok ikkje det du. Send dei gjerne viss du framleis har dei på maskina di.
Legg inn en kommentar
<< Home