onsdag, oktober 19, 2005

Ajaj - jobb i sikte

Ein dag for eit par veker sidan:
Møter journaliststudier-i-Volda-høvding Sverre på redaksjonslokalet:
- Du Heidi? Eg forstår ikkje koffor ikkje du søke på den stillinga dei har ledig i NRK Sogn og Fjordane! Du me di stemme og din språkbruk og din pondus burde jo absolutt gjera det.
- Å?
- Javisst.
- Ja, viss du trur eg er god nok, så trur eg det og.

Søndag - tre dagar sidan:
---
Kjære NRK.
Kan eg få jobb?
Koz og klemzzz
---

Tirsdag - i går:
Ring ring.
- Ja, det er Rolf Sanne-Gundersen frå NRK Sogn og Fjordane som ringer. Eg skulle gjerne ha snakka med deg om ein jobb som du var interessert i.
- !!
- Korleis kan me gjera det?
- Nei, eg kan godt komma til Førde, eg.
- Flott! Når kan det passa? Neste veke er eg litt opptatt, men denne veka vert vel kanskje for kort varsel?
- Øh. Nei. I grunn ikkje. Eg kan komma torsdag eller fredag.
- Flott, torsdag då!

Litt angst, litt spanande og ein solid porsjon god, gamaldags nervøsitet. Burde sikkert ikkje lagt det ut her før eg veit kor det går, men det er jo ein del av moroa.

8 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Lykke til!

16:29  
Blogger Heidi meinte at...

Freut mich.
Men kven skal eg takka?

17:34  
Blogger Anette meinte at...

KULT!

17:38  
Anonymous Anonym meinte at...

Detter er bare begynelsen Heidi!!! :-) Lykke til!!!!

19:25  
Anonymous Anonym meinte at...

Grattis Heidi!
Krysser fingrane mine for deg:-)

21:16  
Blogger Camilla meinte at...

Tøft! trur eg har slekt som jobbar der, skal eg be dei legge inn et godt ord?;)

13:38  
Blogger Kristine Kleppo meinte at...

kryssede fingre og lykke til!

23:20  
Blogger Heidi meinte at...

Takk alle saman! :D

09:15  

Legg inn en kommentar

<< Home