tirsdag, oktober 11, 2005

Kverulér ein annan stad

Eg sit på Rokken og kosar meg dei tre rolege timane eg har fått denne kvelden. Trivelege folk og triveleg prat. Så kjem ein helsikes kverulant og skal diskutera distriktspolitikk med meg. Han overdriv utsegnene, spissar argumenta, irriterar meg, får svar på tiltale og innrømmer så at han har spissa argumenta for å provosera, før han konkluderer med at alle utanfor Oslo vert fornærma for dei fabelaktige argumenta hans. Faen.

Ja, eg er frå landet.
Ja, eg syns det fins gode grunnar for å driva ein distriktspolitikk.
Og ellers?
Ja, eg brukar nynorsk.
Ja, eg er jente i det som enno er ein mannejobb.

Eg kan godt få vera i fred på fritida likevel.

20 Innspel:

Blogger Thomas meinte at...

Helt sant; og han idioten burde fått seg en tupp i ræva for å elge seg innpå folk med idiotargumenter og oppblåst selvbilde.

08:29  
Blogger Heidi meinte at...

Folk med idiotargumenter og oppblåst selvbilde.

Haha. Takk skal du faen meg ha.

08:37  
Blogger Thomas meinte at...

Setningen skulle bety: "elge seg innpå folk VED HJELP AV idiotargumenter og oppblåst selvbilde"! Så, slapp av! =)

18:33  
Blogger Heidi meinte at...

Skjønte det då :)

18:40  
Blogger Thomas meinte at...

Å ja, ingen fare skjedd, med andre ord. Bortsett fra at idioten Marthinsen plasker uti salaten nok en gang.

23:53  
Blogger Heidi meinte at...

Neineinei. Kjære søte, snille. Du er då ikkje i nokon tyding av ordet ein idiot.
Måtte berre påpeika ein grammatisk uhumskhet, når du (av alle folk) for ein gongs skuld begår den.

Og eg skal vera den første til å innrømma at min første kommentar til din første kommentar var kverulering, om enn i mildaste form.

00:44  
Blogger Camilla meinte at...

Fortel meg kven denne mannen er neste gang eg ser deg, så skal han sleppe å drikke meir øl på Rokken.. hehe

19:12  
Blogger Heidi meinte at...

Plan!

23:22  
Anonymous Anonym meinte at...

FY!

00:02  
Blogger Heidi meinte at...

Betyr?

00:06  
Anonymous Anonym meinte at...

Skal ikkje stakkaren få meir øl??? :-)

00:19  
Blogger Heidi meinte at...

Det var vel ærleg talt ikkje ølet som skapte problema.

Skal ein verta kvitt den håplause kveruleringa, må ein ikkje berre nekta han øl, ein må faktisk nekta han å komma inn i det heile.

Det vert jo kanskje litt dramatisk.

00:25  
Blogger Åse Toril meinte at...

Kunne ikkje vore meir einig. Hadde du vore distriktspolitikar, hadde eg stemt på deg :) Og eg hadde lova å ikkje forstyrre deg på fritida di ;)

19:28  
Blogger Heidi meinte at...

Hehe.
Takk.

20:13  
Blogger torerling meinte at...

Dere kan ikke nekte broren min mer øl! Fy!

13:12  
Blogger Heidi meinte at...

Hahaha.
Det var faktisk ikkje han denne gongen.

15:56  
Blogger Åge Andre Breivik meinte at...

Va det han sosionom-taparen dinna gongen også lr?
Ja til distriktspolitikk!
Helst edru, men...

22:28  
Blogger Heidi meinte at...

Nei, det var ikkje han heller. Eg har vorte utsatt for ein ny.

Eg såg han på Rokken i natt, men sladra ikkje til Camilla.
Følte meg snill.

13:16  
Anonymous Anonym meinte at...

Ej veit kven det er.

23:21  
Blogger Heidi meinte at...

Ja, det gjer du, men som høvding og førebilete i di eiga verdsordning går eg ut frå at du er mot offentleg uthenging.

17:51  

Legg inn en kommentar

<< Home