lørdag, september 10, 2005

Nyanselaus nazisme

Denne tanken dukka opp første gongen i 2003, men eg har enno ikkje fått noko fornuftig svar på det.

Det var på ei førelesing då eg tok grunnfaget i pedagogikk.
Me snakka om menneskesyn, og nazismen vart typisk nok trekt fram som eit skrekkeksempel.

Eg er ikkje i tvil om at den førte med seg mykje grusomt, men eg klarar liksom ikkje å slå meg til ro med det. Fins det verkeleg ikkje noko positivt ved nazismen som ideologi?

Førelesaren min syns det var eit godt spørsmål, så ho måtte få lov til å tenka litt på det.
Noko svar fekk eg aldri.

Ballen er kastet.

5 Innspel:

Blogger Åse Toril meinte at...

Interessant spørsmål.

La meg først seia at eg ikkje på nokon måte er tilhengjar av nazismen. Eg tykkjer ideologien og det han førte til ikkje på nokon måte let seg forsvarast.

Noko positivt:
Nazismen som ideologi er nasjonalsosialistisk. Den sluttar opp om den sosialistiske tanken om å dele goda. Derfor er nazismen også antikapitalistisk. MEN: Nazistane ville bruke tvang og setje fellesskapet over enkeltindividet. I tillegg var det berre den ariske rasen som skulle dele goda, så dette ressonementet møter seg sjølv i døra. Dessutan vart nazismen kopla til ei diktaturisk styreform. Svært skummel kombinasjon.

I tillegg sette nazistane familien og familieverdiane høgt, fordi det var der ein mellom anna kunne sosialisere borna. MEN: feilen med ein overordna nazistisk famliepolitikk var at føremålet mellom var å ha kontroll over borna og hjernevaske dei akkurat slik dei ville.

Da nazismen voks fram i Tyskland på 1930-talet, var arbeidsløysa stor. Hitler sette folk i arbeid, javel. MEN: . Han hadde ei plan om ei storstilt opprustning av landet, og slik vart det svært mange jobbar å finne i våpenindustrien.

Eg ser eigentleg ikkje noko positivt med nazismen. Eg er sjeleglad for at vi lever i eit sosialdemokrati. Sjølv om demokrati berre er den beste av dei verste styreformene.

12:59  
Blogger Thomas meinte at...

Om man skulle driste seg til noe - ville man (med verdens største forbehold) kunne si at jo, det pozitive ved nazismen var at den (ved hjelp av en viss syk bartemann) sysselsatte en hel nasjon.

Men etter å ha kommet med dette argumentet, må man umiddelbart sette det opp mot måten dette ble gjort på. Som det jo naturligvis ikke går an å si noe positivt om what-so-ever.

13:02  
Blogger jane meinte at...

Tja. Autobahn?

16:53  
Blogger Kristine Kleppo meinte at...

Vokalisten i britpop bandet Kula Shaker dristet seg en gang til å si til britisk musikkpresse at nazistene holdt på med masse kuule åndelige greier (nazi symbolet var jo opprinnelig ett indisk soltegn), noe som førte til en offentlig henrettelse av bandets karriere. Ikke hørt om kula shaker? Nå vet du hvorfor.
Jeg vil nødig gi æren til nazismen, men bobla er jo tøff.

22:05  
Blogger Yngvason meinte at...

Utan nazismen ville vi ikkje hatt Churchill.

23:33  

Legg inn en kommentar

<< Home