lørdag, september 17, 2005

Aggresjon og fjernsyn

Unge Marthinsen skreiv eit innlegg om valden i Asterix og Obelix i førre veke. Eg ville skriva ein kommentar til det innlegget, men den vart så lang at eg legg den ut her i staden.
Thomas skriv på slutten av innlegget sitt:

Jeg husker hvor hysterisk - ja, nesten epileptisk! - jeg og lillebroren min lo av de smule voldsepisodene blant bautasteinene og villsvina. Neste skritt for min del, etter nå å ha eliminert meg tilbake til utgangspunktet, til utgangsvolden vi lo av, blir selvfølgelig å finne fram til hvorfor i helvete vi lo (og ler) av sånt i det hele tatt. Men det får bli i et annet øyeblikk av klarsyn.


Først meinte forskarane at ingen måtte sjå vald på fjernsyn fordi det ville senda dei rett ut i uføret (jmf Dei Allmektige Media - i dei første TV-tider sat folk klistra så lenge det var sending, og ein hadde enormt stor tru på makta i fjernsynsapparatet)

Deretter kom tida der dei meinte at TV-vald kunne fungera som eit katarsis, ei slags rensing, slik at tilskodarane fekk ut alle aggresjonane sine berre ved å sjå valden utført på TV.

I den seinare tid har ein fått eit meir nyansert syn på dette, og mange interessante forsøk har vorte gjort, utan at ein har funne nokon fasit.

Til dømes vart det gjennomført eit forsøk der ungar vart delt inn i to grupper. Dei såg den same valdsfilmen, men dei vaksne som var i den eine gruppa fordømte valden og dei vaksne i den andre forherliga den. Då forskarane snakka med ungane etterpå, var det heilt tydeleg at dei vaksne hadde skapt presedens. Viss dei hadde heia fram valden, gjorde ungane det og. Fjernsynet si makt er altså mindre enn dei vaksne si. Det er mellom anna dette som gjer fjernsynet til ein veldig dårleg barnevakt.

Når det gjeld forskjellen på gutar og jenter, er det ei problemstilling som det fins mange forklaringar på. Nokre meiner aggresjon er noko gutar har i seg frå biologien si side, medan andre skuldar på sosialisering. Det er uansett ei kjend sak at det er mykje lettare for gutar enn jenter å ty til fysisk makt. Dessutan har dei mykje meir lopper i blodet. Det er jo til dømes difor mange meiner jenter får betre karakterar på skulen, då denne er mykje betre tilrettelagt for deira rolege natur. (Dette hevdar til dømes den kjende psykologen Magne Raundalen)

Sjølv trur eg det er surrealismen i det heile som tiltrekker oss, særskild i filmane om Asterix og Obelix. Og kvifor gutar generelt vert tiltrekt av vald, trur eg det kan vera fordi dei treng å flykta til verder der det er lov å ta ut litt av den aggresjonen dei har i seg. Eg hellar altså litt mot den katarsisteorien, om enn ikkje med like sterk overbevisning som ein hadde for førti år sidan.

Det er trass alt gutar/menn som gjer det dårlegast i utdanningssystemet, toppar kriminalitetsstatistikkane og oftast tar sjølvmord.

Kvifor er det slik?

6 Innspel:

Blogger Thomas meinte at...

Jeg retter den harmdirrende pekefingeren videre - i retning mine foreldre, og lar de svare for hva de har satt til verden. ;)

21:08  
Blogger Heidi meinte at...

:) No er vel ikkje du den hissigaste eg kjenner, Thomas.

Det var ikkje harmdirrande meint. Heller undrande, kritisk og kanskje ein tanke medfølande :p

12:55  
Blogger Yngvason meinte at...

Gutane klarar seg utan medkjensle. Dei er meir ekstreme, det gjeld både vinnarane og taparane. Sosialisering eller mangel på slik avgjer om dei klarar å kanalisere aggresjon og energi til konstruktive formål eller om dei ender opp som skuletaparar, småkriminelle eller familietragedier.

I eit samfunn som rommar så mange individ og opnar for så mange skjebnar, seier det seg sjølv at det går til helvete for ein del av oss. Men menn styrer fortsatt verda, og kjem til å gjere det. Dårleg vitnemål eller ei.

14:36  
Blogger Heidi meinte at...

Du er nok inne på noko der, Olav. Særskild måtte eg nikka til det der om at menn ofte er meir ekstreme, både på godt og vondt.

Menn snakkar frå naturen si side med meir autoritet, og veit nok ofte betre korleis dei skal nytta den makta dei har. Det er gode eigenskapar å ha.

Det eg syns er trist, er at jenter og kvinner har ein større tendens til å verta ein del av ein stor og grå masse. Det fins mange flinke jenter, men dei skrik ikkje så høgt om det dei kan.

Difor må eg også gi deg rett i at det for ein stor del er menn som styrer makt og pengar. Dessverre.

Men kvifor vert det slik? Kvifor fins det framleis flest mannlege sjefar, trass i at det i teorien er kvinnene som stiller sterkast? Fokuserer skulevesenet feil?

15:17  
Blogger Yngvason meinte at...

1.Autoritet kan ikkje lærast bort i skulen.
2.Det er ikkje så lenge sia jentene vart flinkare på skulen. Endring tek tid, og vegen er jævli lang frå teori til praksis.
3.Menn sjølvrekrutterer sitt eige kjønn til styre og stell. Avtalar og nettverksbygging skjer på guttetur og i fylla.

Løysinga for (i teorien) maktkåte jenter er først å danne eigne nettverk. Start på universitetet eller ein anna utdanningsinstitusjon, der er det størst sjans for å finne likesinna.

Ring Inga Marte Thorkildsen og Gry Larsen. Dei veit sikkert koss ein kjem seg opp og fram. Slik det ser ut no er det lettare for jenter å slå seg opp i politikken enn i bisnissverda.

16:41  
Blogger Heidi meinte at...

1. Er sant
2. Er sant
3. Er dessverre også sant.

Men det handlar ikkje om å vera maktsjuk. Det handlar om å få like mogelegheiter for likt strev.

21:53  

Legg inn en kommentar

<< Home