mandag, september 26, 2005

Amerikansk fridom

Lat meg fortelja tre små historiar frå min månad i USA i 2001.
Turen var høgdepunktet på USA-linja på Skogn folkehøgskole.

Vårt første møte med Amerika var storbyen Los Angeles. Stuptrøtte og litt i ørska etter den lange reisa. Berre ein liten tur på supermarknaden, folkens. Me må jo sjekka om det verkeleg er slik som ein ser på film.
Rett etter at me har gått frå motellet begynnar ting å bli skumle. Ein bil rullar roleg opp på sida. Politiet. Dei lurar på kva fem jenter gjer ute åleine etter klokka åtte om kvelden.
Fem stykker. Tidleg kveld. Gatelys alle 300 metrane.
Det hjelper ikkje.
OK, gi meg ein burka.

Dagen etter. På veg heim frå Disneyland. Ein pratsom neger på setet bak meg er veldig nysgjerrig på kvar me er frå. Norge ja. Det har han høyrd om. Eller vent. Nei, forresten. Det var visst eit annan land. Men velkomne skal me vera. USA er det beste landet i verda. Mannen har så enormt mange fridomar. Han får tak i nett det han vil. Hasj. Ecstacy. Morfin. Heroin. Anything baby.

Den tredje historia er dels frå California, dels frå Salt Lake City. Mange stader i solstaten California er røyk skikkeleg fyfy. I mormonarbyen Salt Lake City er det direkte tabu. Det gjeld også alkohol, kaffi "and other things that poison your body". Det var opptil fleire i klassa vår som sleit litt då. Har ein no ein gong vendt kroppen til desse giftstoffa, så får ein vel abstinensar. Men det vart uglesett, og det la ikkje ein gong høflege amerikanarar skjul på.

Country of freedom - my ass.

5 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Faktisk enig med du!
U S A er langt fra frihetens land!

19:09  
Blogger Åge Andre Breivik meinte at...

Fridom betyr faktisk ikkje at du kan gjera alt du vil.

Er Noreg eit fritt land?

Du kan få tak i alle narkotiske stoff.
Du får ikkje røyke på uteplassar.
Du bør ikkje gå ute åleine.

Fridom er nok meir enn som så...

23:08  
Anonymous Anonym meinte at...

Kva målestokk skal ein bruka til å måla frihet med? Om du har lov til å gå med skytevåpen? Om det er eit trygt land? Kor mange som er rike? Kor mange som er fattige? Kva styreform landet har? Tilgangen på rusmiddel? Lovar og reglar? Helsevesen? Antall drap? Antall uskyldig dømte? Eller kanskje på måten konfliktar vert løyst? Personvernsreglar? Ytringsfrihet?

Den siste er jo ganske opplagt! (eller?) Ein bør jo ha ein viss ytringsfrihet, vist ein skal kalla det for frihetens land...

Men har ein egentlig så stor ytringsfrihet i U S A ?

Ordbok:
ytringsfrihet: rett til å uttale seg fritt, men ikke injurierende, om forhold av offentlig interesse.

21:57  
Blogger Yngvason meinte at...

Med 290 millionar innbyggjarar får du sjølvsagt ein del rare kasus. Viss ikkje hadde ikkje USA vore så gøy. Poenget er at du finn noko uansett kva du er ute etter, så får du heller halde deg unna narkonegrar og mormonarar.

23:33  
Blogger Geir meinte at...

Hehe... kjenner meg veldig igjen i beskrivelsen din Heidi.

Min lille historie fra USA. Når du jobber som servitør over there, får du en del tips. Ofte sitter du igjen med masse mynter, for de har jo mange ubrukelige mynter i USA. Så en dag går Geir - nei vent, det er jo umulig i USA, tar Geir bussen til banken, for å veksle. Vel ankommet banken kikker jeg meg rundt etter vekslingsautomaten, men må vende mitt tomme blikk mot et hull i veggen. Hos damen i veggen får jeg beskjed om at jeg må putte myntene ned i struller, og så får jeg noen pappstruller. X antall quartere i en rull, og 25 pennies i en annen. Når jeg er ferdig med stablejobben, må jeg stille meg i kø igjen i skranken. Da skal de måle strullen min med linjal, for å sjekke om jeg har fått riktig antall mynter.

Først da kan jeg få papirpengene mine.

USA er ikke always the greatest nation i the world...

02:51  

Legg inn en kommentar

<< Home