søndag, oktober 16, 2005

Postkortliv

Stolte fjell til venstre, dramatiske fjell til høgre og himmelblå fjord i midten - riktignok flankert av kvite fjell i horisonten, på denne avstanden vert nasjonalfjellet i Volda -Rotsethornet- redusert til ein krokrygga liten pjokk med dårleg sjølvtillit, trebenken er hard, men ganske komfortabel, terassepratet frå det einaste huset i nærleiken er ikkje påtrengande, verda er usannsynleg grøn for å vera midt i oktober, det er mykje lyd i lufta, widerøeflyet hellar mot venstre når det passerer den vesle knausen mellom Hovden og Volda, eg ser for meg at det er passasjerane som i sin iver etter å sjå bygda i solskinn får flyet til å krenga, to dovne ferjer på fjorden lagar ein svak motordur, dei helsar ikkje på kvarandre, men dei smiler til meg, ein paraglider svevar som ein raud prikk over Ørsta, det luktar Vestland og brunostreklame, sola har dårleg samvit for at ho forsov seg til sommaren, og gjer sitt beste for å varma meg i dag, min trufaste pedalgangar står og gjer seg raud og lekker, og eg er veldig glad for å kunna dela eit sjølvopplevd radiobilete med blogglesarane mine.

3 Innspel:

Blogger Thomas meinte at...

For en journaliststudent i midlertidig eksil i hovedstaden var det et vakkert radiobilde du kom med, Heidi. Jeg kan nesten lukte svelene.

11:53  
Blogger Åge Andre Breivik meinte at...

For ein journaliststudent i mellombels eksil i dei sameinte statane var det eit vakkert radiobilete du kom med, Heidi. Eg kan nesten lukte Potetballen.

19:52  
Blogger Thomas meinte at...

Hehe

12:04  

Legg inn en kommentar

<< Home