lørdag, november 12, 2005

Instant kjendis

Ein gong i fjor fekk me sanninga.
Ei forskarblekke hadde undersøkt forholda, og konkluderte med at medan journaliststudentane i Oslo var mest opptatt av politikk og religion og sånt, ville me i Volda først og fremst verta kjendisar.

Vel, frendar - legg ned pensumbøkene. De treng ikkje anstrenga dykk meir.
De treng ikkje ein gong slita dykk gjennom ti veker på ein gård i audemarka, overleva på ei øy i Stillehavet eller verta bonde og senda kontaktannonsen til TV2. De treng ikkje ein gong pula på TV.

Bergens Tidende tar saka.

1 Innspel:

Blogger Åse Toril meinte at...

Hoho, eit så enkelt konsept - kvifor har ingen kome på det før? Kva blir det neste? "Vi filmer hva det norske folk har på brødskiva?" Og dette blir vist på Bergens Tidende-tv? Heilt klart eit konsept for Nærsynet ;)

11:13  

Legg inn en kommentar

<< Home