tirsdag, november 22, 2005

Presis og nøyaktig sånn her føler eg meg no


Etter å ha spandert opp mot tre veker på arbeidet med den, og etter å ha tilbrakt dei siste 26 timane på skulen, har me endeleg klart å dra i havn semesteroppgåva i medievitskap. Gromoppgåva.
Håpar dei gjenkjenner eit storarbeid når dei ser det.

Klokka sju i morgon tidleg går bussen til Ålesund. Derfrå skal me fly via Oslo til Amsterdam. Satsar på at det vert gode greier.

Eg satsar samstundes akkurat minst like sterkt på at blogglesarane mine klarar seg utan meg fram til neste veke.
(Dei fleste av dykk skriv oppgåve uansett.)

No: Te.
Så: Sove.

3 Innspel:

Blogger Thomas meinte at...

Vel blåst - og lykke til i Amsterdam!

23:27  
Blogger Åse Toril meinte at...

GOD innsats! Vi reknar med du kjem sterkt tilbake til julebordet...;)

God tur!

01:05  
Blogger Heidi meinte at...

Thomas: Takk!

Åse Toril: Hehe. Sjølvsagt!

06:27  

Legg inn en kommentar

<< Home