lørdag, desember 10, 2005

Tredje søndag i advent: Konklusjonar

Etter fem dagar på Praha-tur har eg mykje eg skulle ha blogga om. Heldigvis - eller dessverre, alt etter som - er eg velsigna med gullfiskminne, så mykje har allereie svevd ut i det blå.
Eg skriblar difor berre ned nokre konklusjonar som eg har kome til dei siste dagane:

- Tsjekkarar verkar på generelt grunnlag lite livsglade. Både ho i souvenirsjappa, han på restauranten og dei i hotellresepsjonen orka så vidt å prata med oss, og eit smil kom ikkje på tale. Ikkje ein gong gateselgjarane såg verdien i varme og sjarme.

- Stirr aldri på ein naken mann som kjem ut av ei offentleg badstu i Praha. Det er lov.

- Jula kjem til å komma som ei kjerring på meg i år og, men no har eg i alle høve gåvene på stell.

- Stundom må til og med hobbykontrollfrikar som meg innsjå at sakn er ukontrollerbart.

- Dei som eig venterommet på Moa burde fått skryt for å skriva med blindeskrift på dodørene.

- Eksamenslesing er for pyser.

Og no siste timane etter eg kom heim:

- Folk må slutta å senda dei idiotiske luremailane om kven ein er forelska i og kor mange gongar i veka ein masturberer. No har eg fått tre nye. Eg vil ikkje ha fleire. Ikkje!

- Vaskemaskiner går faktisk ikkje fortare sjølv om ein stirrar på dei.

2 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Er det nakene damer også i desse badstuene? Og isåfall kan ein berre gløyme å ikkje kikke på dei :)

01:36  
Blogger Heidi meinte at...

Knock yourself out.

Me stirra ganske lenge på han som likevel ikkje var ein blottar, men det vert vel ein annan type kikking.

Pussig opplegg.

13:22  

Legg inn en kommentar

<< Home