onsdag, januar 04, 2006

Her budde lensmannen i Førde før


...men eg er sikker på at han ikkje hadde det så koseleg som eg har fått det no.
(At det er gitter for vindauga i kjellarboda er eit faktum eg vel å sjå vekk frå.)


Dette er då altså stova mi. Til venstre står eit lite bord med to stolar, og til høgre er ein liten kjøkkenkrok. I tillegg til bad og soverom er dette det einaste eg treng. (Og det er flaks, for det er det einaste eg har.)

Nytt år, ny leilegheit, ny by og definitivt nye moglegheiter, ikkje minst fordi eg i morgon startar i ny jobb. Eg må innrømma at det er ei skrekkblanda fryd eg sit her med, men eg gler meg meir enn eg kvir meg.

Eg innviar herved den nye leilegheita med eit ønskje om mange besøk og mykje liv mellom veggane:


Den som tar imot en venns hilsen, den som deler en venns bolig, den som nyter en samtale med en venn, han er den lykkeligste på jorden. - Hitopadesha

8 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Offadå...ser at den skumle pelsdotten din ikkje forsvann i flyttesjauen!

04:02  
Blogger Heidi meinte at...

Den vesle pyntehunden min smiler lurt ved tanken på å vera skummel, men han gryntar litt over å verta redusert til ein pelsdott.

Men kven er du?

07:39  
Anonymous Anonym meinte at...

Syns vovven var skjønn eg :-)
Grattis med ny leilighet!!! Lykke til i ny jobb!

16:42  
Blogger Heidi meinte at...

Takk for det, vimsing.

17:09  
Blogger Øyvind Bye Skille meinte at...

Så ganske så trivelig ut. Håper du trives i ny jobb
-byeskille.net-

02:43  
Blogger Heidi meinte at...

Takk for det.
Eg trivs godt i leiligheita, og jobben ser verkeleg lovande ut den og. Har faktisk ikkje sakna Volda enno, men det kjem vel.

08:53  
Anonymous Anonym meinte at...

Håper du trives godt i din nye tilværelse!!! Du er så BRA!!

22:51  
Blogger Heidi meinte at...

I all beskjedenhet; takk!

10:06  

Legg inn en kommentar

<< Home