søndag, januar 08, 2006

Made in Denmark - ein kvardagssnutt

Scene: Eg åleine ved eit kafebord i eit trendy kjøpesenter i Køben, ei snau veke før jul. På bordet framfor meg ein kaffe mokka og tre-fire postkort. Eg lagar tenkeansikt og skriv litt no og då på eit av dei.
Til deg:

Mangelen på det ein på krampe-urbant kallar shopping-gen er veldig praktisk i tider då økonomien er knapp. Det kompliserer det heile ein tanke at alle rundt meg ikkje er i tvil om å ha det, men eg er då stor nok til å kunne underhalda meg sjølv innemellom.
- Kaffe som smaker sjokolade, takk, sa eg på min beste bergensk-dansk til mannen bak disken, og planla å sitja ein halvtime og verta roleg av å sjå på alle dei kjøpegale.

Slik gjekk det ikkje.

Eg vert både oppgitt og oppkava. Det er så tett oppunder jul at folk ikkje har tid til å stå i ro i rulletrappene. Uansvarlege mengder raudt og spygrønt stadfestar at fargesynet framleis er i orden, og hyppigheten pelskåpekledde er nesten like påfallande som i Praha (der er dei rå på den fronten). I underetasjen hyler ein unge i mangel på tolmod og frå taket gaular Celine Dion at ho alltid vil elska meg.

Eg stenger sansane og innvilgar meg ein svart femsekundar.
Sjelefred gjenfunne.

På nabobordet står den danske framtida. Ho er så lita at ho framleis treng ståhjelp frå mor, og smokken dekkar heile ansiktet. Me flørtar og vinkar og vert rett gode vener.

Velvel.

Eg er ikkje så bra for marknadsøkonomien.
Men eg trur eg er bra for meg sjølv.