mandag, januar 30, 2006

Døgnopne barnehagar

Sjølvsagt skal me ha det.

I 2004 valde foreldra til 20 861 born å ta ut separasjon.
Kvart fjerde born bur med berre ein forelder. Det er vanlegvis mora.
Kvinner har ein tendens til å jobba i omsorgssektoren. Det inneber veldig mykje skiftarbeid.

I Sverige har dei hatt døgnopne barnehagar i mange år. Og det funkar finfint. Då vert det litt håplaust av barneombudet å frykta kenneltilstandar viss me prøver det same her.

Så mange som 89 prosent av 5-åringane gjekk i barnehagen i 2003, likevel skal det ikkje kunne veljast som ei praktisk løysing når åleinemor (eller for all del -far) treng barnepass etter klokka fem om ettermiddagen.

Det er dumskap.

2 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Eg må desverre innrømme at eg er i mot døgnåpne barnehagar.
Ja eg skal væra enig i at det er behov for ein løsning på eit voksande problem. Men eg syns ikkje løsningen er å plassere barn i barnehage nattestid. Eg tenker spesielt på den usikkerheten det barne vil føle, aldri vite hvilken seng det skal sove i i natt. Når ein har valgt å bli foreldre følger det eit enormt ansvar. Barnet skal føle seg trygg og sikker. Eg liker ikkje utviklinga som ein kan sjå i b.l.a. sverige. Men det er faktisk slik at det er ganske uvanlig å plassere barn i barnehage om natta i sverige, sjølv om dei har muligheten. Eg veit at mange enslige foreldre slit, og treng ein løsning på dette problemet for å få råd til mat og klær. Men eg meinar at vi skal jobbe meir med samfunnet og arbeidgivar. Meir tilpassa arbeidstid for småbarns foreldre og enslig forsørgande er eit av mange forslag. Eg kan sei meg enig i at døgnåpen barnehage er ein enkel og hurtig løsning, men eg fryktar for langtids virkningane dette kan ha. . .

23:28  
Blogger Heidi meinte at...

Den ser eg.

Men skal du unnsleppa behovet for døgnopne barnehagar må du gjera noko med ein av dei følgjande:

- Gi fleire fedre foreldreansvaret.

- Få damer ut av damejobbar.

- Få foreldre til å halda saman.

Kvar vil du begynna?

08:10  

Legg inn en kommentar

<< Home