tirsdag, mars 07, 2006

Høve: Kvinnedagen. Tema: Ytringsfridom.

Viss eg skulle sett dagsorden for kvinnedagen, veit eg så inderleg godt kva den skulle vore.

Ytringsfridomen har vore ei het potet heilt sidan me terga på oss ein ambassadebrennar eller to her i januar.

I mange land har kvinner avgrensa eller ingen rett til å meina noko i det offentlege rom. Det er eit opplagt tema for dagar som denne, så det skal eg ikkje foreslå i denne omgong.

Derimot ville eg heller ha sett eit lys på norske kvinner sin bruk av ytringsfridomen. For det er skrale greier.

Kvinnelege kjelder er i sterkt mindretal i media.

Dette skuldast at journalistar ofte jaktar på sjefen, eigaren, den ansvarlege. Det er ingen hemmeligheit at det framleis er mest menn på toppen, sjølv om damene halar innpå. Dette er eit stort og viktig tema, men ikkje her og no.

Problemet er når ein skal ha tak i dei som strengt tatt ikkje godta å vera ein offentleg person.

Mellomsjefane. Grasrota.

Der er damene. Dei tause damene.

Eg er heilt overtydd om at det er langt fleire enn meg i denne bransjen som har ergra seg grøn og blå over damer som slit med talevegring. Kvifor skal terskelen vera så høg for å uttala seg offentleg? Kvifor er det så himla farleg?

Eit slikt 8.mars-tog skulle eg ha reist langt for.

6 Innspel:

Blogger Yngvason meinte at...

I studie-Volda er det dobbelt så mange journalistjenter som -gutar. I løpet av nokre år bør det gi eit minumum av utslag på kjeldebruken.

Men gi oss gjerne fleire PR-kåte jenter. Og da meiner eg ikkje på realityfjernsyn.

Sjølv tør eg nesten ikkje intervjue damer meir. Dagens intervjuobjekt var tidenes mest aggressive.

22:27  
Blogger Heidi meinte at...

Haha.

Fortel!

22:38  
Blogger Yngvason meinte at...

Olav: Har firmaet ditt betalt bota på 400 000, som de vart dømt til å betale i 2004?

Kvinneleg Leiar: Hvorfor spør du om det? Det er en sak mellom oss og Forbrukerombudet. Hvor har du denne informasjonen fra?

O: Øh, eg har snakka med Forbrukarombodet.

KL : HVEM har sagt at vi ikke skal betale bota?

O: Det spelar da inga rolle kva person som har gjort det. Har de tenkt å betale bota?

KL: Hvorfor bryr det deg? HVORFOR VIL DU VITE DET?

O: Eg er journalist. Dette har, øh, offentleg interesse. Korfor kan du ikkje svare på det?

KL: Tar du opp denne samtalen?

O: Nei. Gjer du?

KL: Ja.

O: ...

21:15  
Blogger Heidi meinte at...

Ja, det var eit bederva egg i omeletten.

21:49  
Blogger torerling meinte at...

Hør hør. Jeg vil egentlig legge ned hele talevegringa, jeg.

19:30  
Blogger Heidi meinte at...

Død over talevegring på generelt grunnlag!

17:54  

Legg inn en kommentar

<< Home