fredag, april 28, 2006

Appelsiner på ein fredag

Den kom i posten allereie i dag.
Eg bestilte den frå bokklubben mandag, då dei feira bokdagen.
Den var billig, 89 kroner.

Eg har tenkt på å lesa Appelsinpiken lenge. Faktisk lurar eg på om ikkje eg kjøpte den då den kom ut i 2003. I så fall står den i bokhylla heime hjå ho mor.

Eg hadde tidlegvakt i dag, så eg var ferdig 1217. Men nynorskpraktikantane hadde sin siste dag hjå oss, så eg syns eg måtte vera der til den småhøgtidelege lunsjen var vel overstått. Det var ein fin halvtime.

Etter 12 minutt i ein fantastisk massasjestol på det eine handelshuset her borte, fem minutt på ein blomehandel og to minutt på H&M (som byr meg stadig meir imot, men det får bli ein annan vals) tusla eg heimover i solskinnet.

BT, Strilen, reklame og ei bokpakke. Det vanlege. Eg peilar meg rett inn på papirbosset. Kastar reklamen, kastar BT -som eg las i halv seks-tida i dag tidleg, legg Strilen i trappa og opnar bokpakka. Pappen gidd eg ikkje ta med inn.

Appelsinpiken. Jaha. Eg meiner å hugsa at det kan stemma, det var vel den eg bestilte, ja.

Klokka er ganske nøyaktig to når eg set dei nye blomane i vatn, snappar ut ei plastflaske Cola frå kjøleskapet og finn fram tidstjuven med cool design og innebygd webcamera.

Men i staden vert eg sitjande med boka i fanget. Det er noko med den. Eg les baksida. Hm. Sjekkar om det fins avisvurderingar på innerklaffen. Det gjer det ikkje. Det fins ingen innerklaff eingong. Neinei, eg får lesa den første sida då. Og kanskje andre.

To timar seinare er dei 175 Appelsinpikensidene unnagjort.

Eg er ikkje frelst. Ikkje livsfjern som en exphilstudent. Ikkje oppkava eingong. Den står ikkje opp mot verken Bibelen, Koranen eller Ringenes Herre. Men det var fin underhaldning, på ein skummelt oppslukande måte. Eg fekk valuta for timane.

Den, som aldrig lever nu,
lever aldrig. Hvad gør du?

Piet Hein