lørdag, juni 17, 2006

Innsyn, utsyn og nærsyn

No har eg endeleg fått det på det reine.
Grunnen til at alt har vore uklart på avstand er enkel:

Eg er nærsynt.

Ikkje mykje, men nok til at det vert ein irritasjon. Eg har alltid hatt perfekt syn, og difor er det klart eg merkar det når ting vert ei skodde på avstand. Uansett kor mykje eg mysar og blinkar, vert linjene aldri heilt klare.

Augelegen sa eg er heilt i grenseland for å trenga briller. Eg ser heilt klart på nært hald, og det er ikkje noko problem å køyra bil. Men eg vil gjerne vera i stand til å sjå skilta på like lang avstand som før, og eg ynskjer å framleis kunne kjenna igjen møtande kjensfolk like fort som dei ser meg. Så briller vert det.

Den andre nyttige kunnskapen eg fekk ut av den timen gjeld om lag alle mine blogglesarar. Augelegen spurde nemleg om eg nyleg har vore student. Det har eg jo. Då nikka han gjenkjennande, og fortalde at veldig mange studentar les seg til nærsynthet. Me konsentrerar oss om det me har like framfor nasa, og ser ikkje så mykje utover dei vide horisontar, rett og slett. Eg måtte jo innrømma at eg ikkje har pløyd gjennom så enorme mengder bøker i mi studietid. Derimot trur eg det kan henga saman med ein utstrakt bruk av dataskjermar. Han kjøpte den.

30 timar seinare går eg framleis og gler meg til å sleppa å sjå ut som eit dopvrak. Eg måtte ta ha innpå sånne dropar som utvidar pupillane, så augelegen skulle få eit skikkeleg innblikk. (OK, den var billeg.) Pupillane skulle gå tilbake til normalt etter nokre få timar. Det var i halv ni-tida i går morgon, og det er definitivt meir svart enn brunt innpå der enno.

---
Min vanlegvis så trivelege kollega Eldgrim lurte forresten på om dei og hadde sjekka i kor stor grad eg er trangsynt.

Snøft.