mandag, juli 17, 2006

Rekordsommar

Eg har sett mange rekordar i sommar.

I helga var eg til dømes ein av dei over 11.000 som var med på å setja publikumsrekord på countryfestivalen på Breim. (Og T-E T-R kan med det få gå tilbake på det han sa til Næravisa i fjor om at radiostudentar frå Volda er snobbar.)

Vidare har eg hatt rekordstore utgifter på ei månadsløn. Briller og USA-tur kom til saman på over 11.000 kroner, utan at me går meir inn på kva som kosta kva.

I dag har eg drepe rekordmange fluger. Eg kom ut av teljinga på 18.

Og sist - men på ingen måte minst, har eg hatt eit rekordartig liv både på jobb og på fritida. Kollegaene mine er bunnsolide både før og etter klokka 16.