fredag, oktober 06, 2006

Det store i det små

Media og journalistikk har interessert meg i mange år. Difor hadde eg sjølvsagt medievitskap som studieretningsfag på vidaregåande, og det var i læreboka der eg såg dette sitatet:

Journalistikk handlar om å sjå det små i det store, og det store i det små.

Eg skjønte det ikkje heilt då, men det har kome litt etterkvart.

Å driva journalistikk i Sogn og Fjordane handlar for ein stor del om det siste; å sjå det store i det små. Det skjer lite i fjordfylket. Me får veldig få hendingar og viktige avgjerder i hendene. (Likefullt er me det distriktskontoret som har flest nyheitssaker på riksnettet, men det er ei skrytehistorie som får liggja til ein annan gong.)

Men altså. Statsbudsjettet. I dag. Det handlar derimot i aller største grad om å sjå det små i det store. Ei lefse på nokre hundre sider. 25 kommunar. Forklart enkelt på maks fire radiominutt. Kinkig.

Det gjekk i grunn veldig bra, etter litt svette og tårer. Men mens eg sat der og sleit kom eg til å tenka på eit anna veldig treffande ordtak om faget mitt:

Journalistikk er å forklara andre det du sjølv ikkje forstår.