tirsdag, februar 27, 2007

Den dårlegaste filmen eg har sett - nokosinne

...eller i alle fall er den på topp tre.
(Mars Attacks var også krisedårleg.)

Det er ikkje mykje film eg ser, og då går eg vanlegvis berre for filmar eg har høyrd mykje bra om på førehand. Så på Platekompaniet i helga skulle eg vera ellevill og spontan, så eg kjøpte ein film som eg aldri hadde høyrd om. Det gjer eg ikkje igjen på ei stund.

Det var mykje som kunne tala for Elisabethtown:
1. One to watch-merke
2. Kirsten Dunst
3. Og Orlando Bloom

Han er vakker, og det tør eg påstå ho er og. Dessutan har eg sett gode filmar med begge før.

Men for å dra dei heilt store linjene:
Drew Bailor (Orlando Bloom) har gjort ein tabbe, noko som kostar skodesignfirmaet nesten ein milliard dollar (Hallo! Ein MILLIARD DOLLAR!) Han får sparken. Difor går han heim og monterer ein kniv på snedig vis på trimsykkelen, men akkurat i det han skal ta livet sitt ringer systra. Faren er død, og det har skjedd i heimstaten hans ei lang flyreise unna. Drew må henta han. Drew gjer det. Men han svergar på at han skal heim til sykkelen og kniven etterpå. På flyturen møter han den ekstremt rare flyvertinna Claire (Kirsten Dunst). Ho skravlar i eitt midt på natta og er overmenneskeleg blid.

Resten av filmen inkluderer mellom anna ein del umotivert dansing i skog og på bruer, mange klisjefylte kommentarar og ansiktsuttrykk, og ei enke som steppar og fortel vitsar i gradferda til mannen sin. Å forklara den ukjende familien til faren ville vore ein blogpost åleine.

Claire dukkar sjølvsagt opp på dei underlegaste plassar, med dei mest surrealistiske kommentarane og dei mest overpåklistra smila eg har sett. Drew lar seg sjarmera.

Dette er to historiar vevd saman:
1. Guten som mistar ein far han aldri kjende
2. Ei kjærleikshistorie mellom Drew og Claire

Dessverre klarar ikkje Bloom å utnytta nokon av dei. Fårete mimikk og klønete replikkar gjer det til ei flau og klam og litt sånn no-MÅ-den-snart-vera-over-oppleving. Nettstaden Highlightzone treff spikaren på hovudet:

Ein Problem ist auch Orlando Bloom, der zwar als Elb und Schwertmeister recht überzeugend sein kann, aber in diesem Gegenwartsfilm ehe deplatziert wirkt und nur höchst selten vermittelt was denn nun eigentlich mit diesem Drew los ist.

Terningkast 1.

3 Innspel:

Blogger Åge Andre Breivik meinte at...

1. Since When e Kirsten Dunst eit kvalitetsstempel?
2. Since When e Orlando Bloom eit kvalitetsstempel?
3. Since When e "One to watch" eit kvalitetsstempel? Det betyr vel oftast at filmen e moden for onsdagsfilmen på TVNorge.
4. Mars Attacks hadde jo sine høgdepunkt.
5. Romantisk komedie. Ka du forventa? :)

22:08  
Blogger Heidi meinte at...

1. Mona Lisa smile.
2. Ringenes Herre.
3. Godt poeng.
4. På ingen måte.
5. Godt poeng.

08:34  
Anonymous Anonym meinte at...

Sjaa litt genial britisk humor i staden. "Hot Fuzz" overraska meg paa cinemaen i gaar.

Og til ei viss grad stoettar eg deg kva gjeld Elizabethtown.

12:14  

Legg inn en kommentar

<< Home