søndag, februar 18, 2007

Fritt etter Ambjørnsen: Trondheim er ein by



...og etter norsk målestokk er Trondheim ein stor by.



Her skal eg bu dei neste to månadane, og det kjennast heilt skjønt. Eg skal tusla i nye gater, oppdaga nye kaféar, kikka inn i stovene til nye folk og nyta anonymiteten ein såpass stor by tilbyr.

Utanfor vindauget mitt er det bussar og hundar og folk. Innanfor er det ein pult, ei seng og eit skap. Innmed den eine veggen står ein einsam spring og heng med hovudet. Ein gong var den viktig og uunnverleg, no har den fått ein blank plastikkpose over hovudet. Det som ein gong må ha vore ein vaskekum, er dekka heilt av ei stor treplate. For sikkerhets skuld har han eg leiger rommet av skrive lapp om at eg ikkje må bruka vasken. Takk for tilliten, ja.

Lenger inne fins eit fellesrom med kjøkken og to arkitektstudentar. Døra inn til leilegheita har nok sett betre dagar, og dusjslangen dett heile tida ut frå under krana, slik at ein endar opp med eit fotbad i staden, men eg likar plassen godt. Den har sjel. Her har det budd så mange studentar at eg vert reint poetisk ved tanken. Resten av det gule huset inneheld tre andre kollektiv, og dei inviterer kvarandre på vorspiel med gule lappar på dørene om at "i kveld blir det bråkete her, kom og bli med!"

I mitt latterleg billege flysete på veg frå skarrebyen i ettermiddag saumfarte eg BT. Eg leste leiaren, kronikkane, alle sakene, notisane - ja, endåtil dødsannonsane. Eg måtte flira då eg kom til horoskopet:

[...] Du vil få mye igjen for den innsatsen du gjør fremover, så ikke vær redd for å stå på!