tirsdag, januar 02, 2007

Utpå bygda ein stad

Overskrift: Omkom etter fall i maskinrom
Ingress: Dødsulykken skjedde i Sogn og Fjordane.
Medium: VG Nett
Tidspunkt: 02.01.07, 20:35

Slike ingressar irriterer meg.

Når så du sist Mann døde på arbeid - ulykken skjedde i Akershus? Om lag her avskriv urbane journalistar meg som ein bygdetulling med dårleg sjølvtillit, men det bryr eg meg ikkje om.

- Men det skjer jo så få ulukker i så små fylke, seier du?

Nei, det stemmer faktisk ikkje. Mannen som omkom i dag er tredje person som døyr i ulukke på ei veke i Sogn og Fjordane. Kanskje hovudstadsjournalistane kunne spart tid og pengar, og brukt same ingress på alle?

4 Innspel:

Blogger Thomas meinte at...

Poenget ditt er utsøkt.

(Og godt nyttår!)

22:25  
Anonymous Anonym meinte at...

Etter å ha budd eitt og eit halvt år på austlandet, vert eg korkje sint, irritert eller overraska over slike ting lengre.

"Kvar ligg Sogn og Fjordane?", spurde eg ein eg har gått i klasse med der borte sidan hausten 2005.
"Det vet jeg. Det er her en plass", svarte han, og plasserte fingeren litt til høgre for Stavanger på kartet.

03:55  
Anonymous Anonym meinte at...

Tja. Den ene generaliseringen er den andre verdt?

Godt nyttår. :)

23:03  
Blogger Heidi meinte at...

Ha eit godt nytt år, folkens. :)

03:26  

Legg inn en kommentar

<< Home