tirsdag, november 21, 2006

Tafseforbodet har ingen øvre aldersgrense

- Man må tåle litt. Gamle menn har også en seksualdrift. Helsepersonellet må tåle litt ekstra fra dem.

Omtrent det sa ho. Med sol i stemma og dei beste intensjonar.

Eg hugsar ikkje namnet hennar, men sitatet har eg frå vår største kommersielle radiokanal. Eg hugsar ikkje tittelen hennar heller, men den tilsa at ho kunne meina noko om emnet.

Temaet var eldre og seksualitet. Ho meinte damene i helsevesenet måtte vera med på ein flørt, og godta litt meir frå stakkarane som ligg der så hjelpelause.

Eg kjente eg vart sint.

Å tåla ein flørt er heilt greitt, det gjer dei aller fleste. Men kor mykje skal damene ta imot?

Som nattevakt på gamleheim opplevde eg litt forskjellig dei to foregåande somrane. Stort sett var tilboda harmlause og litt sånn desperatkåte. Men det vert ikkje akkurat kjekkare å stå der i mørket når mannfolka gjerne ville hatt besøk under dyna.

Ein nattleg episode hugsar eg spesielt godt.

Han hadde sige langt ned i senga. Eg tok tak under armane hans, for å dra han oppigjen.
- Eit lite augneblink, eg skal berre hipsa litt på deg, forklarte eg.
Mannen såg sitt snitt til å legga handa under det høgre brystet mitt:
- Å. Eg skulle no ha hipsa litt på deg og, sa han, mens han strauk oppetter brystet.

Eg kvapp til, og trengte eit sekund på å summa meg.
Då foreslo han at eg skulle krypa oppi til han.

Ikkje fortel meg at damene i helsevesenet skal godta slikt.
Ikkje!

1 Innspel:

Blogger Female viking meinte at...

Helt enig med deg! Selvfølgelig skal ikke damene i helsevesenet eller noen andre fagområder tåle slikt!

13:05  

Legg inn en kommentar

<< Home