mandag, oktober 30, 2006

Fakta om fylket

Snart eit år i Sogn og Fjordane - dette har eg lært:

- Sognefjorden er den lengste (204 km) og djupaste (1308 m) fjorden i Norge. Den er nummer to i verda - grønlandske Scoresbysund skal vera lenger.
- Nærøyfjorden er ein sidearm av Sognefjorden, og den kom på UNESCO-lista i fjor. Vart saman med Geirangerfjorden nyleg kåra til mest verdsett av alle verdsarvstadane av det amerikanske bladet National Geographic Traveller.
- Hornindalsvatnet er den djupaste innsjøen i Europa (514 meter).
- Førde er sentrum i fylket, men det vert administrert frå Hermannsverk på Leikanger.
- Rett over 100.000 innbyggjarar. Av dei bur litt over halvparten i tettbygde strok, mens resten bur spreiddbygd.
- Stort på fisk, frukt og fylkeskjensle. Minst på kriminalitet.

Nordfjord, Sunnfjord og Sogn
Nei, dei heiter ikkje Sogn-og-fjordingar. Fylket er tredelt, og det er klare skillelinjer. Nordfjord ligg rundt Nordfjorden og grensar til Sunnmøre i nord. Sunnfjord ligg midt i fylket; omtrent frå Vadheim ved Sognefjorden i sør til vakre Våtedalen rett sør for Byrkjelo i nord, frå kystbyen Florø i vest til du skimtar Jostedalsbreen over Jølstravatnet i aust. Sogn føl ganske enkelt Sognefjorden, og er dermed fogderiet som grensar til Strilelandet i sør. Fylket grensar til Oppland og Buskerud i aust. Folkelynnet skal ifølgje soga følgja fogderia; nordfjordingen er disiplinert og militær, sunnfjordingen er treig og skal alltid "ete fysst", mens sogningen er lettliva og storkjefta. Denne inndelinga er viktig å kjenna til. Ta _aldri_ ein sogning for å vera sunnfjording. Den leggbæsjen vil stinka lenge.

Førde, Florø og Måløy
Førde er fylkessentrum, men mislikt av mange. For berre 50 år sidan var det stort sett berre bønder her, men så vart det gjort eit politisk vedtak om at dei trengte ein by midt i fylket. Sidan det har byggjinga gått fort, og Førde er forventa å verta den største byen i fylket før utgangen av 2006. Geografisk er plasseringa perfekt. Likevel er det framleis i dag få som eigentleg har lyst til å anerkjenna Førde. Nordfjordingane og sogningane likar dårleg at denne betongoppsamlinga av kjøpesenter og parkeringsplassar skal vera fylkeshovudstaden, og brorparten av sunnfjordingane føler ikkje så mykje meir patriotisme dei heller.
Det set oss over til den andre byen i Sunnfjord; Florø. Den ligg heilt ute i havgapet, og har vore by i over 100 år. Framleis er det den byen i fylket med mest folk, men Førde går altså om kort tid forbi. Florø har vokse til by i eit langt meir naturleg tempo enn Førde har fått tid til. Den har nok difor på mange måtar eit meir typisk bypreg, med små gater og ei dialekt som ikkje er så langt unna bergensk.
Den siste byen ligg i Nordfjord, og heiter Måløy. Den har rundt 4000 innbyggjarar, og havet og fisket er viktige inntektskjelder.

Fylkeskjensla
Overskrifta "Fakta om fylket" var ikkje tilfeldig. Dei kallar det berre det. Fylket. Fylkesindentiteten er uvanleg sterk, mykje sterkare enn den eg føler til Hordaland, rogalendingar til Rogaland eller Oslofolk til Oslo. Ein kollega av meg meinte det er fordi dei er vande til små kår. Det er det kanskje. Men i enkelte saker slåss dei så fillene fyk mellom dei tre fogderia. Det kjem til uttrykk i sjukehussaka. Sentralsjukehuset ligg i Førde, medan dei har mindre sjukehus i Lærdal i Sogn, i Florø og på Eid i Nordfjord. Helseføretaket slit med store underskot, og vil ikkje kutta hjå det største sjukehuset. Men dei små sjukehusa er for ein stor grad freda, og aksjonistane er veldig aktive. Av integritetsomsyn stoppar eg der.
Sogningane og fjordingane er dessutan veldig glade i fylkesradioen sin - prosentvis har me dei høgaste lyttartala av alle distriktssendingane i NRK. Dessutan har me eigne folk på huset som har laga eit stort og solid Fylkesleksikon, og me kallar dei regionale nyheitene for Fylkesnytt. Selskapet som har frakta folk og fe over fjordane i nærare 150 år heiter sjølvsagt Fylkesbaatane.

Kjelder: Fylkesleksikonet, Wikipedia og Statistisk sentralbyrå.

2 Innspel:

Blogger Åse Toril meinte at...

Takk for ein utruleg inspirerande geografitime! Mykje artigare å lese dette enn å skrive helgevaktsartikkel klokka elleve ein laurdagskveld..

Her går eg stort sett under omgrepet "trønder", men når eg seier eg er NORDMØRING, lurar dei på kva for fylke Nordmøre er...

Eg har budd både på Nordmøre og Sunnmøre, og veit at det er STOR forskjell på ein nesten-trønder og ein vestlending, både med omsyn til dialekt og lynne. Også har vi jo romsdalingane midt i mellom...

Det blir ikkje ny inndeling av regionar før vi skapar våpenkvile mellom fogderia...

23:03  
Blogger Heidi meinte at...

Eller kanskje er det nettopp ei regionsamanslåing som skapar fogderifred?

Felles, ytre fiende er jo samlande..

21:25  

Legg inn en kommentar

<< Home