torsdag, mai 26, 2005

Ein dag i eit liv

Dette var liksom dagen.
Lesedagen!

Fem dagar til eksamen i journalistikk. Lite stoff unnagjort. Mykje å læra.

Har til og med alarmen på. Oppe klokka ti. Må ein liten tur innom nettet. På badet. Frukost. Ops - klokka er 12. Må nett opp på skulen ein tur. Skal henta mikrofonen som me skal låna til medieavslutninga i morgon. Og når eg først er her, må eg nett innom radiostudio. Skal ta ut eit par saker som eg vil ta vare på. Vert visst ni. Tar ei tid.

Heime igjen. Skal lesa. Må nett ta oppvasken. Reint no. Må nett planlegga litt pensumlesing med Jane. Me har visst langt igjen. Demotiverande. Må nett vinna eit par runda kabal på nett. Oj - sulten. Må nett ha middag. Godt med mat. Må nett vaska opp etter meg.

Innser at eg har hatt ein umenneskeleg innhaldsrik dag. Må definitivt loggførast. Skal nett gjera det. Så er det lesetid.

Åneiånei. Støv i vinduskarmen.

1 Innspel:

Blogger Åse Toril meinte at...

Høyrest skummelt kjend ut..
Eg: 0730: Vaknar av alarmklokka som er plassert oppe på bokhylla slik at eg *må* opp av senga for å skru av.
0732: Set klokka på slumre.
0815: Herregud, forsov meg. Men ikkje f..om det skal stoppe meg frå plana om å vere på lesesalen til 0830.
0900: Togar inn på lesesalen.
1030: Har enda ikkje lest ei side pensum, men i staden seks norske aviser frå perm til perm.
1032: Prøvar lesa. Funkar ikkje.
1200: Tek ein femminutts matpause som varar i femti minutt.
1300: Sit på lesesalen og blar gjennom samtlege 32 sparte sms'ar på mobilen.
1330: Innser at slaget er tapt og går heim.
1600: Vaknar etter å ha sove i ein og ein halv time.
---og sånn går nu dagan...

18:22  

Legg inn en kommentar

<< Home