lørdag, mars 03, 2007

Eg flyr forbanna

- Du har kanskje ikkje sett deg så godt inn i dei nye reglane, du?

Han prøver ikkje ein gong å skjula arrogansen. Lille venn, liksom. Den eldre vektaren strekkjer seg over kontrolldisken etter brosjyren.

- Her kan du sjå det.

Eg spanderer til saman eit halvt sekund augemerksemd på brosjyren og mannen til saman. Han bryr seg knapt.

- Du kan ikkje ha desse lause.

Vektaren finn ein pose med låsemekanisme til dei fire terrorvåpna mine; ein liten tube mentolatum, ein lebepomade, ei knøttlita flaske med brillevaskmiddel og ein munnspray.

- Dei sa ikkje noko om småflaskene i Bergen, må eg kommentera.
- Det er feil. Det er viktig at alt kjem i posar.

Han legg flaskene i den flysikre posen med kneppelås. Ein FLYSIKKER pose med KNEPPELÅS! Det stoppa dei terrorplanane, gitt.

4 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Herregud! Har du ikkje lært deg reglane? Uansvarleg, Heidi.

Eg tykkjer og at desse flysikre posane, som du kallar det, er litt patetiske.
Men, når eg ser føre meg ei litt sånn bitter Heidi som prøvar seg på "Jammen jammen i bergen gjer dei slikt på ein anna måte!"... Litt komipatetisk det òg.

14:17  
Blogger Heidi meinte at...

Dust.

16:40  
Blogger Åse Toril meinte at...

Eg kom akkurat att frå Tallin (sjå relansert blogg).

I tollen i Tallin møtte eg Tatjana. Eller kva no den russiske kjerringa heit som FØRST kroppsvisiterte meg (det kan eg leve med), og SÅ tok min dyre franske hudkrem.

Etter å ha lese bloggen din, hadde eg pakka inn kremen i flysikker pose. Men nei da. Tuben såg skummel ut. Dama vart nøydd til å kaste han.

Når vart tubar terrorvåpen?

01:05  
Anonymous Anonym meinte at...

Sist jeg skulle sørover fra Volda, fikk jeg passet påskrevet. På Gardermoen var de noe mer løs-i-snippen-orienterte. Kanskje det reflekterer hvor mye annet de har å henge fingrene i?

Synes for øvrig det er verdt å merke seg at kniver med blad på 6 cm. eller mindre er helt OK. Hahah, som om jeg kunne skadet noen med den stusslige tapetkniven jeg vanligvis snitter tulipaner med...!!! (<- ironi, altså. Jeg tror tulipankniven kunne gjort nokså stor skade, faktisk).

23:06  

Legg inn en kommentar

<< Home