lørdag, mai 28, 2005

Kva er "bekjennelser" på nynorsk?

Det er morgonen etter ein fest, eg har gått tidleg heim kvelden før, like tidleg som alltid, har blitt minna på at eg ikkje er noko nachspiel-menneske, i så måte er eg nok ein dårleg student, morgonen er grå, eller nesten kvit, men framleis ikkje munter, og Volda er livlaus, frukosten smakte ingenting, nysteikte rundstykker til tross, forkjølinga er enno eit lite, men påståeleg faktum, med medieavslutninga i går som eit fint punktum er nesten alle vårjobbar unnagjort, eg er ikkje lenger Radio Volda-arbeidar, Demostasjon-programleiar, Vekeradio-representant, teknikar for studentradioprogrammet Spilt melk eller publikumsprisansvarleg på Den norske dokumentarfilmfestivalen, ikkje ein gong medievitskapseksamen-lesande, no er det berre journalistikkeksamen og tillitsvaldoppgåva igjen, men det er vel ærleg talt ikkje berre berre det heller, og så er det andre ting som er viktigare enn skulegreier i blant, leiligheita er i uorden og det er livet og, og då hugsar eg at det er faktisk ikkje alt ein har kontroll med, og at ting ikkje alltid går slik ein tenkte, og så tenker eg at i blant er det kanskje like greitt, så har eg ikkje bekymra meg forgjeves.

2 Innspel:

Blogger jane meinte at...

Tilståingar?

Forresten: innbitte nachspielmennesker er påfallende ofte slitsomme mennesker. Bare bra å ikke være en slik en.

15:02  
Blogger Åge Andre Breivik meinte at...

Betre å vere ein utprega vorspiel-person. Mykje artigare.

Unge JEB har rett. Vedkjenning eller tilståing er ord for bekjennelser.

Lenkene frå saka di fungerar ikkje, på min PC i alle fall..

15:08  

Legg inn en kommentar

<< Home