mandag, juni 06, 2005

Geiranger innfridde



Dagen etter eg tok sommarferie og to dagar før markeringa av unionsoppløysinga, fann eg meg sjølv ståande innerst i ein av dei mest besøkte fjordane i Noreg - sjølvaste Geiranger. Stupbratte fjell og ein smidig buktande fjord gjorde sitt beste for å leva opp til postkorta, men dessverre svikta sola.

Det skulle likevel bli ein kjempefin tolvtimerssøndagstur, der me etter å ha sett Geiranger fekk med oss Trollstigen, Zakariasdemninga og Trollveggen, i tillegg til fire ferjer og ein MacDonalds. Du store. Dette er verkeleg eit vakkert land.

2 Innspel:

Blogger Åse Toril meinte at...

Haha! Moro, eg tok nøyaktig den same turen same dag som deg! Fint å vere på ferie i eige fylket, synd det var så mykje tåke, men det var fint å sjå att både Trollstigvegen og Geiranger. Men enda finare å kome heim, trass i at regelmessige haglskurar prøvar gjere sitt beste for å øydeleggje sommarferiestemninga! Riktig god sommar, Heidi! :)

14:01  
Blogger Heidi meinte at...

Ha ein riktig god sommar du og! :)

16:28  

Legg inn en kommentar

<< Home