onsdag, juni 15, 2005

Sommarstart

Og der var sommaren i gong.
Ei veke etter siste studieplikt var unnagjort, sit eg heime ved kjøkkenbordet hennar mor. Ein stor koffert, ein raud sykkel, ein tung ryggsekk og ein sliten meg har bussa frå Sunnmørssol, via Sogn og Fjordane-regn, til Strileopplett på ein ganske vanleg tysdag. Tillitsvaldoppgåva var den siste Volda-jobben for sesongen. Den leverte eg for åtte dagar sidan, og fekk veta i dag at den er godkjent. Medan sensoren har kosa seg med åndsverket mitt, har eg hatt ferie i Ulstein. Åge André sin eigenarrangerte humorfestival bydde på mykje moro, og både familien Breivik og Åge A sin amerikanske ven Mike var verkeleg verd ei veke av mitt liv.

Eg kan no leggja inn Hareid på kommunar-eg-har-vore-i-lista. I dekningsområdet til Radio Volda manglar eg med det berre to av sju kommunar. Det kvalifiserer vel nesten til jobben som utanriksreportar.
Dessverre, må ein vel på mange måtar sei. Det er utruleg fint der ute på ytre søre. Dette biletet er frå den kjende fugleøya Runde, teke med nasa mot Ålesund.


Eg hadde ikkje hjarte til å gjera det om til svart-kvitt.

Tusen takk for meg, Åge A!

1 Innspel:

Anonymous Anonym meinte at...

Flott bilder! Enig i at dette måtte vere i fargar. gk

18:22  

Legg inn en kommentar

<< Home