tirsdag, juni 28, 2005

Tilbake i bedrifta

..eller back in business, som dei seier på anglosaksisk.

Oslo-turen var knallbra den. Sola skein som om ho var galen og eg fekk møtt mange gamle kjende. Torsdag kveld flykta Ann frå vestlandsveret, og bidrog til å gjera helga mi endå eit hakk betre. To Strilehøns på Oslotokt - det må jo bli bra, det.
To av høgdepunkta var vel kanskje alle horene og homsane me såg. Dessverre hadde me ikkje med kameraet på strøket, men mrs Anni foreviga mange homofile menneske.


Powerpuffgirls. Yeah.

I følge avisene var det 80000 som deltok på EuroPride. Eg tvilar veldig på at alle dei var med på paraden, men den var uansett veldig lang og underhaldande.


Mange fine hoftesvingar i denne forsamlinga.

Eg har aldri nokonsinne sett så mange flotte kostymar før. At transvestittiske fjør og matrosdressar dukka opp var vel ikkje så overraskande, men dei utstemte kardinalane kledde i knæsjrosa hadde eg til dømes ikkje venta å sjå.


Egypthomser!

Etter paraden tusla me bortover mot Aker Brygge. Det var vel ikkje heilt fritt for at prosentdelen hetrofile var heller dårleg akkurat der og då. Me valde oss ein favoritthomse og bad pent om å få knipsa han. Det fekk me. Sjølvsagt.


Har lenge tenkt at ein eventuell son skulle kallast Gabriel.
Hmmm.

2 Innspel:

Blogger Åse Toril meinte at...

Eg kosa meg og i det fine veret i Oslo, og naut (nynorsk fortid av "å nyte"?) homoparaden. Kult! Dagen etter eg kom heim vart det finver heime og, så no kosar eg meg her. Fortsatt god sommar, Hedi!:)

11:31  
Blogger Heidi meinte at...

Naut er riktig.

Hedi lovar å ha ein fin sommar, viss Åse Toill kan lova det same ;)

02:43  

Legg inn en kommentar

<< Home