I hekksaksa
I dag måtte eg ta stilling til ein hekk.
Det kom litt brått på.
Eg og Jørgen var på veg heim frå skulen no i sta, då ein to meter lang kjeledresskledd austlending med skeive tenner mumla noko i vår retning. Me vart vel cirka like overraska begge to, og måtte pent be mannen gjenta kva han hadde sagt.
Kjeledressen lurte på om me trudde den raude tråden han hadde hengt opp på hekken var rett. Han skulle klippa plenen for dei folka som bur like oppi her, men han syns det var så vanskeleg å sjå om rettesnora ville leda han i riktig retning.
Me augemålte som best me kunne, utan å finna så mykje å utsetja på tråden hans.
Det fekk meg til å tenka litt.
Slikt er ikkje vanleg i Noreg. Ein høyrer så mykje om dei upersonlege byane (og det er ikkje tvil om at det er der ein kan vera mest einsam), men slikt er ikkje vanleg på bygdene heller.
Det er triveleg å få hjelpa framande.
Motto for dagen:
Hjelp ein hekkmann så ofte du kan.

6 Innspel:
Kult motto:-)
Så lenge det ikke er buskmenn du hjelper så :)
ditt andre avsnitt: "Han skulle klippa plenen"
ken i all verda so bruka rettesnor for å klippe plen unge frøken?
DOkke e no virkeli nokre gode samaritana..
Du har heilt rett. Slikt er slett ikkje vanleg på bygdene heller. Men ikkje desto mindre hyggeleg :)
Hallais!
I Egersund har vi et bedehus-banneord som passer godt til noe slikt: "Hekkan!"
Fant plutselig en drøss nye volda-blogger, og linka til alle sammen. Får jeg link av deg også eller?:)
RT
Åge A.: Liten skrivefeil der ja. Skarpt observert.
Rune T.: Klart du skal få link!
Vimsen, busk-Geir og Åse T: Takk for innspel.
Hekken vart forresten fin den.
Legg inn en kommentar
<< Home