fredag, september 15, 2006

Kulturkræsj - it wasn't me!

Tilbake frå USA - og kulturkræsjen kom då eg minst venta det.

Her får du historia, mot at du til slutt gir meg ein konklusjon på om eg var frekk.
-------

15.09.06, ca kl 15, Amsterdam, på flyet som skal til Bergen.

Arr, eg skal sitja ved midtgangen.
Jaja, det er rad 8, så eg kjem i alle fall tidleg av.
Ah, kjipt - det sit nokon i begge dei to andre seta.
Velvel, det går nok bra. Dei er asiatar, begge med halvgrått hår.
Men fanken då - nesten fullt i bagasjerommet.
Hmmm.....viss eg stappar den inn der.....eller snur litt på den sånn... Hey - den som ligg lengst framme er ikkje heilt inne. Viss eg byttar om plassen på dei to fremste koffertane får eg plass.
Eg har så vidt tenkt tanken før han høgg til.
- What are you doing? You cannot move that!
Han tar meg fullstendig på senga, der eg står i jetlagsvima.
- It is mine! You cannot touch it!
- Uhm...??? OK...I just wanted to switch them...
- You cannot touch that, it's my laptop. What are you doing?
- I am trying to fit in my bag. There is no room.
- That is not my fault.
- I know it's not your fault. But I need some space.
- Not my fault. Try there.
Han peikar på andre sida, framfor businessclasgardina.
Tja. Jaja, eg kan vel alltids det. Så der hamnar den.
Men me er ikkje ferdig med det.
Hånei.
- Now I have to check that it's OK. It's my laptop. I'm Japaneese.
Den vesle mannen reiser seg byrskt.
Eg sukkar.
- It's perfectly fine, I didn't do anything.
- I have to see. I'm Japaneese.
So what, spør eg meg sjølv, men eg gidd ikkje meir dikkedering. Han ser ikkje ut til å gidda meir han heller. Me set oss ned i seta våre. Ingen brukar armlenet.
-----

Du trudde det slutta der, du.
På ingen måte.

-----
Flyet er komme i lufta og setebeltelyset er sløkt.
Eg heldt på å gi etter for søvnen, flysuset vert stadig fjernare.
Brått har eg ei kvinnestemme like ved øyret.
- You called, Sir?
- Yes. I wanted to.....
I starten høyrer eg ikkje kva han seier. Men litt etter litt forstår eg. Han drar opp eitelleranna kort som skal visa kor viktig han er.
- That is totally unacceptable. She cannot do that. She wanted to remove my luggage!
Han gjentek seg sjølv fleire gongar, så opprømt er han. Eg smiler. Det er jo unekteleg litt morosamt.
- I am sure she didn't mean to offend you, Sir.
Flyvertinna roar han ned med hendene. Ho håpar vel sånn halvvegs at eg skal seie noko, men eg gjer ikkje det.
- I think she did! She didn't appologize!
- What do you want me to do about it, Sir?
- Tell your captain!
Ho klarar ikkje å halda inne ein liten fniselyd.
- I think he's busy flying the plane. I can bring you the purser.
- Thank you.
Eg seier ingenting. Ho stryk meg diskre på skuldra i det ho går.
Purseren kjem. Same klagesangen omigjen. Purseren er sikker på at She ikkje ville fornærma han. Han kjøper den ikkje. Neivel, kva kan ho gjera for han?
- I want your opinion. Can she do this? Is it common in Europe? I'm Japaneese! I've travelled alot - this never happend to me before!
- Well...yes, it is common. To fit everything in.
Men han gir seg ikkje. Eg er framleis berre she. Han har never been so embarrased og meir i same gata. Eg blir lei.
- OK, seier eg til purseren, - I'm not going to do anything about this as long as he keeps talking about me as "she" when I'm sitting right here in the middle.
Han ristar på hovudet og seier noko for å avbryta.
- I AM TALKING! I wasn't gonna remove it, I was just gonna switch them. And can you please tell him that if he has anything of such a great value that noone can touch it, he should put it under the seat in front of him?
Ho nikkar og prøver å gjera begge til lags. Cultural differences og eg gløymde å spørja han og eg meinte sikkert ikkje å fornærma han. Men han gjer seg ikkje. Han skal ha ei unnskuldning. Eg syns det vert heilt latterleg, og kjenner at eg aldri kjem til å pressa ut eit einaste lite "sorry" for det der.
Eg ber om eit anna sete. Får det. Og snakkar ikkje meir med han. Flyvertinnene forsikrar seg fleire gongar om at eg ikkje er bitter, og gjentek fleire gongar at den der er veldig klassisk, det skjer nesten kvar gong dei har med japanarar. Eg nikkar. I see. Og det vert vel ikkje betre av at eg er ei ung dame? Nei, det trur ikkje ho heller.
Eg vil vera kulturrelativist, men der gjekk grensa.

fredag, september 01, 2006

Houston - we have no problems

God kjensle: September heime, medan det framleis var august her.

Ingvar har ei upaaklageleg utsikt fraa leilegheita.

Paa halvanna doegn i Houston, har me faatt sett ein heil del - kjoepesenter, NASA Space Center og Mexicogulfen. Dessutan har me tilbragt opptil fleire timar ved og i det fantastiske symjebassenget i blokka til Ingvar.

Mexicogulfen fekk me ikkje med oss daa eg var her med folkehoegskulen for fem aar sidan. Sjekk oljeplattformane.

No gaar turen snart ut av Texas, mot storslagne opplevingar i Las Vegas, Grand Canyon, Los Angeles og San Francisco. Fint liv!